Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målbruken i samferdsleføretaka

 (03.04.2002)

03.04.02. Noregs Mållag oppmodar i dette brevet samferdsleminister Torild Skogsholm om å sikre målbruksreglar som tek vare på nynorsken når Posten, NSB og andre føretak skal omdannast til aksjeselskap.

Til:
Statsråd Torild Skogsholm
Samferdsledepartementet
Boks 8010 Dep.
0030 Oslo

Dato: 2. april 2002

Målbruken i samferdsleføretaka – synspunkt og førespurnad om møte

Regjeringa har varsla at det snart vil kome proposisjonar om omdanning av dei store samferdsleføretaka Posten og NSB til aksjeselskap. Målbruksreglane som i dag sikrar at føretaka nyttar bokmål og nynorsk på balansert vis, må då halde fram i ei ny form.

I den samanhengen vil Noregs Mållag få be om eit møte med deg eller andre representantar for den politiske leiinga før dei aktuelle proposisjonane vert lagde fram for Stortinget.

Dagens regulering: Målbrukslova

Stortinget vedtok i budsjettbehandlinga for 2002 å be regjeringa førebu omdanning av Posten, NSB og Luftfartsverket til aksjeselskap. I tillegg kom regjeringa 22. mars med framlegg om å gjere produksjonseininga i Statens vegvesen om til eit statseigd AS.

Alle desse føretaka er i dag underlagde lov om målbruk i offentleg teneste. Dette har til no vore den einaste måten å regulere offentleg målbruk på. Lova rettar seg mot "statsorgan". Med den stadige omdanninga som skjer av statleg verksemd, er det behov for å skaffe fleire verkemiddel til å regulere målbruken. Det kan td. vere enklare målbruksreglar enn i målbrukslova i lov og forskrift for nokon typar verksemd, og krav tekne inn i konsesjonar og ved innkjøp for andre.

I kva grad reglane i målbrukslova vil gjelde for omdanna føretak, vil måtte avgjerast konkret. Dette har Lovavdelinga i Justisdepartementet uttalt i ei fråsegn. Lovavdelinga meiner at «problemstillingen etter målbruksloven § 1 (...) vil være den samme som etter forvaltningsloven § 1 (og for så vidt også etter offentlighetsloven § 1), nemlig at det må bero på en konkret vurdering om en statlig virksomhet som er skilt ut som eget rettssubjekt skal anses som et organ for staten».

Dette inneber at det i prinsippet må gjerast ei vurdering av kvar enkelt statleg verksemd som er organisert som eige rettssubjekt, og at konklusjonen framstår som resultatet av ei samla vurdering av fleire ulike faktorar som alle har å gjere med kor tett statleg tilknyting den aktuelle verksemda kan seiast å ha. Det er delegert til Kultur- og kyrkjedepartementet (KKD) å avgjere om ei verksemd går inn under reglane i målbrukslova.

Behov for nye reguleringsmåtar

I samband med omorganiseringa av statleg verksemd er det naudsynt å endre reiskapen for å regulere målbruken. Dette har det KKD-nedsette Lilleholt-utvalet frå 2000 konkludert med. I St. meld. nr. 9 (2001-2002) uttalte KKD det same, og Stortinget etterlyste i Innst. S. nr. 109 (2001-2002) ei avklaring snarast råd.

Før KKD kjem med framlegg til slikt nytt regelverk som omfattar aksjeselskap som staten er medeigar i, andre selskap og stiftingar, og verksemder som berre kan drivast etter offentleg konsesjon, må i denne omgang målbrukskrav til dei omtalte samferdsleverksemdene regulerast spesielt. Regjeringa og Stortinget må ikkje igjen skape ein slik ulukkeleg situasjon som oppstod i samband med opprettinga av dei statlege helseføretaka i januar i år, då fleire av føretaka spekulerte i at målbrukskrav ikkje var regulerte tydeleg nok.

Konkrete reguleringsmåtar

Lilleholt-utvalet peiker på ulike aktuelle reguleringsmåtar når ei verksemd ikkje er direkte omfatta av målbrukslova. Utgangspunktet for å stille målbrukskrav i det heile må vere at verksemdene på noko vis er knytte til staten, eller at den allmenne karakteren av ei verksemd tilseier at det bør vere slike krav.

I dag er Posten og NSB særlovsselskap medan Luftfartsverket og Statens vegvesen er forvaltningsverksemder. Det er liten tvil om at målbruksreglane gjeld for alle verksemdene. Det er sannsynleg at ei omdanning no vil føre til at selskapa blir aksjeselskap med staten som heileigar (i alle fall til å byrje med).

Statleg eigde aksjeselskap

I samband med at Telenor ASA vart skipa, uttalte Stortinget i 1994: ”Flertallet forventer at ”Televerket AS” også i framtida følger reglene om målbruk i offentlig tjeneste.” (Innst. S. nr. 163 (1993-94) s. 10). Dette kan vere ei god løysing også for dei aktuelle selskapa, eller ein kan alternativt i det minste definere dei praktiske språkbrukssituasjonar som det er særleg aktuelt å regulere. Lilleholt-utvalet peiker på at den konkrete fastsetjinga av den målbruken dei statleg eigde AS skal følgje, bør skje i vedtektene til selskapa. Desse blir fastsette av eigaren, Samferdsledepartementet. Lilleholt-utvalet rår til at ei oppsummering av kva som er regulert for alle tilknytte selskap o.l. vert presentert i den fireårlege stortingsmeldinga om offentleg målbruk.

Verksemder som driv med grunnlag i statleg konsesjon

Ein veikare reguleringsmåte, men som kan gjelde alle verksemder på eit område, offentlege eller private, er å stille konsesjonsvilkår. Ein grunntanke i Lilleholt-utvalet si utgreiing om verkeområdet til mållova var denne:

”Der verksemda har ein slik karakter at det ikkje er rom for alle som vil drive, og utøvarane treng offentleg løyve, kan ein vurdere å setje vilkår om å nytte målbruksreglane eller nokre av dei. Ofte blir det sett detaljerte vilkår alt i dag, og dersom ein ønskjer at målbruksreglane skal gjelde, er det ingen prinsipiell skilnad i høve til andre vilkår.” (pkt. 8.5)

Drøftinga galdt mellom anna Posten og NSB. I samband med postlova § 5 skreiv utvalet:

”At ein her kan setje vilkår om at informasjon skal gjevast på norsk, er vel nærliggjande, og da må ein òg kunne setje vilkår om at begge målformene skal nyttast. Er vilkåra like for alle som får konsesjon, slepp ein vanskar med at konkurransen blir ulik dersom målbruksreglane fører med seg kostnader og ulemper.” (vår utheving)

Tilfang som fell inn under mållova

Korkje Posten eller NSB har i dag mykje tilfang som kjem inn under mållova, men tilfanget er svært viktig fordi det kjem i store opplag og når breitt ut.

Når det gjeld Posten, er det viktigaste tilfanget:
§ frimerke (har i dag ei viss fordeling mellom målformene)
§ ferdigfrankerte konvoluttar
§ frankeringsmerke
§ blankettar (finst eit stykke på veg som fellesblankettar)
§ brosjyrar
§ postnummerkatalog
§ bladet PS (til alle husstandar)
§ bladet DM
§ nettsider
§ annonsar
§ plakatar/oppslag

Når det gjeld NSB, er det viktigaste tilfanget:
§ brosjyrar
§ ruter
§ billettar
§ plakatar/oppslag
§ annonsar
§ nettsider

Dersom det vert laga enklare reglar for samferdsleføretaka enn det som mållova opererer med, er det avgjerande at reglane fangar opp dei mest synlege og utettervendte målbrukssituasjonane.

Oppsummering

Det er absolutt naudsynt at departement og Storting regulerer konkret kva for målbruksreglar som skal gjelde for Posten, NSB, Luftfartsverket og produksjonsverksemda til Vegvesenet ved omdanninga av verksemdene som skal skje våren 2002. Vi føreslår primært vedtak om at reglane i målbrukslova skal gjelde fullt ut for verksemdene, slik det vart vedteke for Telenor sin del i 1994. Alternativt føreslår vi at målbrukslovas reglar skal gjelde for dei fleste definerte målbrukssituasjonane til verksemdene, og ved båe alternativa lyt reglane inn i vedtektene for verksemdene. Dessutan må det slåast fast at staten gjennom konsesjonskrav skal stille dei same målbrukskrava til offentlege og private verksemder. I alle fall understrekar vi at regjeringa og Stortinget i si behandling av sakene må vere konkret om korleis departementet som eigar og regulator av marknaden skal gje styringssignal til verksemdene.


Med venleg helsing
NOREGS MÅLLAG

Oddmund Løkensgard Hoel
leiar

Gro Morken Endresen
dagleg leiar

Kopi til:
Kultur- og kyrkjedepartementet
Norsk språkråd
Løvebakken Mållag v/ leiar Sigvald Oppebøen Hansen

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no