Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Unn Aarrestad er ny leiar i Kringkastingsringen

 (20.03.2002)

Pressemelding frå Kringkastingsringen. 20.03.02. Tidlegare stortingsrepresentant for Senterpartiet, Unn Aarrestad, blei på årsmøtet tysdag kveld vald til ny leiar i Kringkastingsringen.

Aarrestad var innstilt av valnemnda og blei vald ved akklamasjon. Jærbuen Aarrestad har
lang politisk erfaring både på kommune-, fylkes- og riksplan for Senterpartiet. Ho var stortingsrepresentant i perioden 1993 til 2000 og som
tidlegare leiar av NRKs distriktsprogramråd i Rogaland, har ho også solid mediefagleg ballast. Aarrestad kjenner arbeidet i Kringkastingsringen godt
etter ein periode som varamedlem i styret.

- Dei viktigaste politiske sakene dette året blir å sikre statusen til NRKs distriktskontor og å arbeide for at allmennkringkastingsomgrepet ikkje blir
uthula, seier Aarrestad i ein kommentar etter møtet.

Årsmøtet vedtok to fråsegner som strekar under Kringkastingsringens syn i desse sakene:

Oppretthalding av distriktskontora i NRK vil sikra språkleg og kulturelt mangfald i media
Årsmøtet i Kringkastingsringen meiner det er svært viktig å oppretthalda distriktssendingane i NRK. Desse sendingane er ein svært viktig del av
informasjonstilbodet. Fjernsyn og radio speglar nasjonale og lokale særtrekk samstundes med at det fremjar norsk språk og kultur.

Skal ein unngå ei svekking av distriktssendingane og distriktsperspektivet i NRK, er det avgjerande at redaktøransvaret ikkje vert sentralisert meir enn i dag.

NRK sine distriktssendingar har ei viktig språkpolitisk rolle der også dialektane spelar aktivt med. I tillegg får det innbyggjarane til å føla
tilknyting til området samstundes med at det bind folket saman.

Distriktssendingane har vorte folkelege og nære knutepunkt med ein svært stor lydarskare.

For nynorsken er det særleg viktig at NRK Sogn og Fjordane får halde fram som eige sjølvstendig distriktskontor.

I ei tid der folk i praksis har grenselaus tilgang til utanlandske media gjennom fjernsynskanalar, må distriktssendingar bli ein ennå meir sentral del av verksemda i NRK. Målet må vera å styrkja norsk språk, identitet og kultur.

NRKs rolle som allmennkringkastar
Årsmøtet i Kringkastingsringen stør forslaget til kulturminister Valgerd Svarstad Haugland om å setje i gang eit arbeid for å presisere og avgrense NRKs oppdrag som allmennkringkastar.

Kringkastingsringen ventar at NRK som lisensfinansiert allmennkringkastar
skal drive ein programpolitikk som sikrar opplysning, kunnskap og mangfald. Vi krev at NRK legg andre kriterium til grunn for både språk og innhald enn
dei kommersielle, reklamefinansierte kanalane.

Språkleg mangfald er ei utfordring til å levere kvalitet i eit breitt spekter av programkategoriar. Konkurransefordelen til NRK ligg i dette. Dei
rammene allmennkringkastaren byggjer på, gjev høve til å skapa noko anna og betre enn dei andre kanalane.


Meir informasjon får ein ved å ta kontakt med:
Unn Aarrestad, styreleiar, tlf. 975 62 035
Knut E. Karlsen, dagleg leiar, tlf. 908 77 487


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no