Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ja til norsk fagspråk!

 (19.03.2002)

Pressemelding. 19.03.02. Utdanningsminister Kristin Clemet og regjeringa har nettopp sendt framlegg til Stortinget om å endre Lov om universitet og høgskular. Regjeringa ønskjer å fjerne paragraf 2.7 som slår fast at undervisningsspråket «til vanleg skal vera norsk» i høgare utdanning.
- Dette er eit kraftig åtak på norsk språk, tordnar Gudrun Kløve Juuhl, leiar i Norsk Målungdom.

Eit av hovudpoenga med å ha høgre utdanningsinstitusjonar i Noreg er nett at ein skal ha forsking og utdanning tilgjengeleg på norsk. Universiteta og høgskulane våre har ei nøkkelrolle i å ta vare på og utvikla eit norsk fagspråk på alle fagområde.

- Dette er ei prinsipiell problemstilling. Det vil vere eit stort domenetap å miste norsk som undervisningsspråk. Stortinget må vere i sin fulle rett til å halde på prinsippet om at norsk til vanleg er undervisningsspråk i Noreg, påpeikar Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag.

- Dersom ein let engelsk ta over som undervisningsspråk vil ein oppleve at undervisninga vert dårlegare for fleirtalet av studentane, seier Gudrun Kløve Juuhl. Ho strekar under at ho stør tanken om at høgare utdanning skal vere internasjonal, men påpeikar at dette ikkje må gå utover norsk som fag- og undervisningsspråk.

Norsk Målungdom og Noregs Mållag er kritiske til at regjeringa skriv frå seg ansvaret for å stø opp om norsk språk.

- Kulturminister Valgjerd Svarstad Haugland har fleire gonger synt vilje til å styrkja stillinga til norsk språk. Dermed kjem det nye framlegget frå regjeringa svært overraskande, seier Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag. Hoel tykkjer òg det er ekstra merkeleg at dette framlegget kjem frå ein høgrestadsråd, når Høgre tidlegare har støtta bruk av norske nemningar i universitets- og høgskulesystemet.

For meir informasjon:
Gudrun Kløve Juuhl, leiar i Norsk Målungdom, 928 48 360 eller 22 42 63 00 (a)
Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, 970 21 194 eller 22 47 71 00 (a)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no