Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Gje oss bøkene våre!

 (18.03.2002)

Pressemelding frå Norsk Målungdom. 18.03.02. Landsmøtet i Norsk Målungdom krev at utdanningsminister Kristin Clemet ryddar opp i lærebokmarknaden.
- Ho må syta for at alle nynorskelevar framleis får lærebøker på sitt eige språk, seier Gudrun Kløve Juuhl, nyvald leiar i Norsk Målungdom.

I haust kom fleire viktige lærebøker berre på bokmål. Til dømes finst ikkje det mest brukte læreverket på studieretning for medie og kommunikasjon på nynorsk.
- Dette er for dårleg, seier Gudrun Kløve Juuhl. Ho er redd for at dette gjev elevane eit signal om at nynorsk ikkje høver i media.

Heilt sidan 1974 har opplæringslova slege fast at «I andre fag enn norsk kan det berre brukast lærebøker som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris». På bakgrunn av denne lova har Stortinget løyvd pengar til forlaga for at dei skulle oppfylle lovkravet.

- Departementet har ikkje betalt ut støtte til nynorske parallellutgåver sidan hausten 1999, sjølv om Stortinget har løyvd pengar, påpeikar Gudrun Kløve Juuhl.

- Difor krev me at utdanningsministeren set av pengar til nynorske parallellutgåver ved handsaminga av revidert statsbudsjett i vår. Berre slik kan me sikra at løyvingane til nynorskbøkene vert utbetalt i år, slår Gudrun Kløve Juuhl fast.

For meir informasjon:
Gudrun Kløve Juuhl, leiar i Norsk Målungdom, 958 12 500 (m) eller 22 42 63 00.

www.nynorsk.no/nmu
For meir informasjon, les Norsk Målungdom og Noregs Mållag sin rapport om stoda for læremiddel på nynorsk: http://www.nm.no/maalsaker.cfm/1703/9190

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no