Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vidar Lund innstilt som ny leiar i Noregs Mållag

 (08.03.2002)

Pressemelding.08.03.02. Valnemnda i Noregs Mållag har samrøystes innstilt Vidar Lund som ny leiar for Noregs Mållag etter Oddmund Hoel. Vidar Lund er 28 år og kjem frå Skogn i Nord-Trøndelag. Lund har brei erfaring frå både Norsk Målungdom, Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag. Han kjem rett frå leiarvervet i Bondeungdomslaget i Oslo, det største mållaget i Noreg.

Det er landsmøte i Noregs Mållag i Oslo 26.-28. april 2002. Viktige saker for Noregs Mållag denne våren er kampen for distriktskontora i NRK, nynorske dataprogram, krisa for nynorske læremiddel og arbeidet for å sikre bruk av nynorsk i fristilte statlege verksemder som helseføretaka, Posten og NSB.

Sitjande leiar Oddmund Hoel har sjølv ynskt å gå av etter tre år som leiar.

For meir informasjon:
Vidar Lund, kandidat til leiarvervet i Noregs Mållag, tlf. 402 11 624 (m)
Svein Ivar Angell, leiar i valnemnda i Noregs Mållag, tlf. 55 58 22 12 (a)
Heimsider til Noregs Mållag: www.nm.no

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no