Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Høyringsfråsegn om organisering av lærarutdanninga

 (08.01.2002)

8.1.02. Noregs Mållag har sendt denne høyringsfråsegna om den framtidige organiseringa av lærarutdanninga. Sjå òg <a href="http://www.odin.dep.no/ufd/norsk/aktuelt/hoeringssaker/paa_hoering/014081-080007/index-dok000-n-n-a.html">høyringsnotat frå UFD 16.11.01</a>.

Til:
Utdannings- og forskingsdepartementet
Postboks 8119 Dep
0032 OSLO

Vår referanse: 003/02 – 542 IM
Dato: 8. januar 2002

Merknader til høyringsnotat om framtidig organisering av lærarutdanninga

Noregs Mållag har med interesse lese departementet sitt høyringsnotat om framtidig organisering av lærarutdanningane. Det er mange av dei spørsmåla departementet bed om synspunkt på som det ikkje er naturleg for Noregs Mållag å uttala seg om, men me vil likevel nytta dette høvet til å fremja nokre av dei synspunkta me har når det gjeld utfordringar for lærarutdanninga framover. I første rekkje gjeld dette behovet for ei styrking av norskfaget. Våre hovudsynspunkt er:

1) Ei styrking av norskfaget må innebera betre nynorskopplæring

Høyringsbrevet skisserer ulike modellar for framtidig lærarutdanning, og Noregs Mållag si vurdering er at ein gjennom fordjuping og innretting mot ulike skulesteg legg opp til ei styrking av norskfaget. Dette er me glade for, og me er opptekne av at ein allereie på dette steget i prosessen må vera oppteken av korleis denne styrkinga skal utnyttast. Noregs Mållag sine hovudsynspunkt når det gjeld all lærarutdanning er at nynorskopplæringa må styrkjast.

2) Lærarstudentar må fullgodt meistra det å skriva nynorsk

Situasjonen i dag er at mange studentar kjem til lærarutdanninga med etter måten mangelfull nynorskopplæring frå grunn- og vidaregåande skule, medan lærarutdanninga forutset at denne opplæringa, og såleis studentane sin nynorskkompetanse, er tilfredsstillande. Noregs Mållag meiner at lærarutdanninga må ta dette misforholdet på alvor. Når nynorskkompetansen ikkje på førehand er sikra, så må lærarutdanninga gje den opplæringa som manglar. Lærarstudentar må fullgodt meistra det å skriva nynorsk, det er sjølve grunnvilkåret for å kunna gje ei kvalifisert og god undervisning til elevane i skulen. Det er ikkje minst grunn til å minna om den retten elevar med nynorsk som hovudmål har til fullgod opplæring.

Pr. i dag når ein ikkje desse måla – og elevar og nynorsk skriftkultur er skadelidande. Noregs Mållag vil understreka at det er trong for ei kvalitativt betre nynorskopplæring, og at det er trong for utviklingsarbeid m.o.t. til nye undervisningsmåtar. I dette arbeidet må lærarutdanningsinstitusjonane mobiliserast.

3) Lærarutdanninga må ta ansvar for den negative situasjonen rundt sidemålsordninga

Sidemålsordninga har, gjennom generasjonar i den norske skulen, slite med negative haldningar. Situasjonen er meir enn utilfredsstillande, ein når heller ikkje dei faglege måla for undervisninga. I ein situasjon der det norske samfunnet elles ikkje er prega av nynorskmotstand, er det ikkje akseptabelt at skulen skal vera omtrent den einaste arenaen der ein slik motstand blir halden i hevd og tradert til nye generasjonar elevar. Mykje kan tyda på at motstanden er av etter måten overflatisk karakter, men den norske skulen har her kome inn i ein vond sirkel. Det er Noregs Mållag si overtyding at stoda berre kan endrast gjennom ei kvalitativ og kvantitativ oppvurdering av sidemåls- og nynorskundervisning innanfor lærarutdanninga.

Sidemålsundervisninga må moderniserast og få større legitimitet. Noregs Mållag si oppfatning er at dei problema nynorsk sidemål har i skulen i dag, i første rekkje skuldast manglande motivasjon og legitimitet. Lærarutdanninga må sikra at studentane forstår sidemålsordninga som ein del av, og underordna, norsk språkpolitikk. Ordninga er eit resultat av korleis det norske samfunnet har handtert og organisert ein særskilt nasjonal språksituasjon. Språkhistoriske og allmennpolitiske perspektiv er nødvendige for å skjøna denne situasjonen, men Noregs Mållag meiner at også andre perspektiv er nødvendige og tenlege, t.d. i høve til språkmangfald som både europeisk og globalt fenomen, språklege rettar i høve til menneskerettar, m.m. På dette feltet er det trong for utviklingsarbeid.


4) Norsk må vera obligatorisk i all førskulelærarutdanning

Jf. spørsmål 6 i høyringsbrevet.

Noregs Mållag sitt syn er at norsk må vera obligatorisk i fagkrinsen til alle førskulelærarar, og at faget må styrkjast, frå 5 til 10 obligatoriske vekttal (frå 15 til 30 studiepoeng). Dette er viktig for kvaliteten på det arbeidet som blir gjort i barnehagane, der det ser ut til at språk- og kulturspørsmål i for liten grad er på dagsorden, jf. BFD si evaluering av innføringa av rammeplanen. Men det er og viktig for å kvalitetssikra den situasjonen me har no, og truleg vil ha i framtida, at mange førskolelærarar vil arbeida på småskulesteget, med den første lese- og skriveopplæringa. Her må ein stilla dei same krava til nynorskkompetanse som ein gjer til allmennlærarstudentar.

Førskulelærarstudentar må prøvast i både bokmål og nynorsk til eksamen. Det må stillast krav om dette til høgskulane, og dette må og gjelda vidareutdanninga Pedagogisk arbeid på småskuletrinnet (PAPS), som mange tek for å få lærarkompetanse – og der norsk og matematikk er dei viktigaste faga. Etter det Noregs Mållag kjenner til, blir ikkje kravet om begge målformene vidareført innanfor PAPS. Det fører til at mange vel vekk nynorsk. Det er ikkje forsvarleg at eit studium som fører førskolelærarane nærare den skriftlege sida av norskfaget, ikkje legg opp til at studentane held oppe tospråkskompetansen sin.

5) Allmennlærarutdanninga må styrkja nynorskundervisninga

Jf. spørsmål 2:
Noregs Mållag meiner praksisopplæringa bør ha om lag same omfanget som i dag. For å styrkja opplæringa i nynorsk bør det koma inn eit punkt om at alle lærarstudentar skal ha praksis der dei underviser i nynorsk som hovudmål eller sidemål.

Jf. spørsmål 4:
Norges Mållag stør framlegget om innføring av eit profesjonsfagleg studieelement for alle lærarutdanningar. Dette studieelementet bør blant anna innehalda noko om den norske språksituasjonen og kva som kan gjerast for å ta vare på den språklege jamstellinga som er lovfest.

Jf. spørsmål 8:
Noregs Mållag går inn for ei differensiering av lærarutdanninga etter trinn, slik at det blir ei grunnskolelærarutdanning retta inn mot 1. – 7. klasse og ei mot 5. – 10. klasse. Det bør leggjast like stor vekt på nynorskopplæringa for begge kategoriar lærarar. For å styrkja sidemålsopplæringa formelt og reelt går Noregs Mållag elles inn for at den skriftlege sidemålsopplæringa startar seinast i 6. klasse.

Jf. spørsmål 10:
Noregs Mållag meiner at norsk, matematikk, pedagogikk og profesjonsfagleg felleselement bør vera obligatorisk i grunnskolelærarutdanninga. Norskfaget bør ha eit omfang på 60 studiepoeng, tilsvarande årseining.

Med venleg helsing
NOREGS MÅLLAG

Oddmund Hoel
leiar

Ingeborg Mjør
nestleiar

Gro Morken Endresen
dagleg leiar

Kopi til: Noregsnettrådets sekretariat, boks 8150 Dep, 0033 OSLO

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no