Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Meir nynorsk i staten, men ikkje i dataprogram

 (21.12.2001)

Pressemelding 21.12.01. - Det er gledeleg at regjeringa vil ta eit treårig krafttak for å fremja nynorsk i staten og oppfylla krava i lov om målbruk i offentleg teneste, seier leiar i Noregs Mållag Oddmund Hoel. Regjeringa la i dag fram den faste fireårige stortingsmeldinga om målbruk i offentleg teneste. Noregs Mållag er likevel kritisk til at regjeringa har utsett spørsmåla om utviding av verkeområdet for mållova og språklege innkjøpskrav for programvare.

- Kravet om 25% nynorsk i staten er ei svært viktig motvekt mot den diskrimineringa og utestenginga nynorsken vert utsett for på andre viktige samfunnsområde, som i dei største riksavisene, seier Hoel. Han er glad for at kulturminister Valgerd Svarstad Haugland no vil satsa på eit treårsprosjekt for å styrkja språkopplæringa og språkrutinane i staten.
- Regjeringsmedlemer og statsorgan har i år etter år gjeve katten i mållova utan at det har fått følgjer. Kulturminister Valgerd Svarstad Haugland kan vera den rette til å få gjort noko med dette, og ho bør byrja med eit kurs i nynorsk og mållova for dei andre regjeringsmedlemene, seier Hoel, som har stor tru på at Haugland kan få til ein snunad.

Noregs Mållag er derimot svært kritisk til at stortingsmeldinga ikkje går inn på spørsmålet om verkeområdet for mållova. Sidan mållova vart vedteke i 1980 er ei lang rekkje statsverksemder fristilte og omorganiserte, og det siste tilskotet er Posten, NSB og Luftfartsverket som stortingsfleirtalet nettopp har vedteke å omdanna til aksjeselskap. Dei vil då falla utanfor mållova slik ho er utforma i dag.
- Stortinget sa alt i 1993 at mållova måtte endrast for å hindra at formell fristilling fekk følgje av ei språkleg fristilling, men mållovsmeldinga seier berre at dette skal takast opp i kulturmeldinga i 2003. Det er for svakt, seier Hoel.

Noregs Mållag er sameleis kritisk til at også spørsmålet om statlege innkjøpsreglar for programvare er utsett til kulturmeldinga.
- Det har vore fokusert mykje på språkleg jamstelling innanfor IT det siste tiåret. Vi hadde venta at regjeringa brukte mållovsmeldinga til å slå fast at programvare som staten kjøper inn, skal finnast både på nynorsk og bokmål. Det har Norsk språkråd gått inn for, og hadde staten brukt den enorme marknadsmakta si, ville det raskt stimulert utviklinga av nynorskversjonar av dei vanlegaste dataprogramma. Det nyttar ikkje å møta IT-samfunnet med sniglefart, seier Oddmund Hoel.

- Noregs Mållag krev no at regjeringa legg fram ei sak for Stortinget til våren der verkeområdet for mållova blir utvida og der det kjem inn språkrav til statlege datainnkøp. Regjeringa har sagt at ho likevel skal koma med framlegg til endringar i lov om Norsk språkråd, så det høver godt å ta med desse to sakene som departementet alt har hatt lang tid på seg til å førebu, avsluttar leiar i Noregs Mållag Oddmund Hoel.

Meir informasjon:
- Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, tlf 57 68 66 18

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no