Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskminister godtek undergraving av nynorsk i NRK

 (20.12.2001)

Pressemelding 20.12.01 frå Kringkastingsringen og Noregs Mållag. – Sentraliseringa av distriktskontor i NRK kan få alvorlege konsekvensar for nynorskdelen og dialektmangfaldet i NRK, seier Jon Låte, styreleiar i Kringkastingsringen.

Når NRK no planlegg å redusere talet på distriktskontor frå 17 til 10, inneber det til dømes at NRK Sogn og Fjordane og NRK Hordaland blir slegne saman til eitt stort distrikt på Vestlandet med hovudkontor i Bergen.

– Ein kan sjå føre seg fleire negative verknader av ei slik samanslåing, men frå vår ståstad er vi spesielt uroa over kva konsekvensar ei nedbygging av distriktskontoret i Sogn og Fjordane vil få for nynorskdelen i NRK. NRK Sogn og Fjordane har gjennom praktikantordninga vore ein viktig leverandør av nynorskjournalistar til NRK sentralt. Har det vore vanskeleg å oppfylle kravet om 25 % nynorsk i NRK tidlegare, vil det ikkje bli noko lettare no, uttaler Låte.

Han får støtte av leiar i Noregs Mållag, Oddmund Hoel, som ser vedtaket i NRK-styret om ei samanslåing av Hedmark og Oppland og av trøndelagsfylka som byrjinga på ei rasering av distriktsprofilen til NRK.
– Distriktskontora er med på å gjere NRK til ein kulturberar og allmennkringkastar, og dei har gjort NRK til ein viktig identitetsskapande faktor. Distriktssatsinga til NRK har mykje av æra for dialektbølgja og kulturbløminga i distrikta, seier Hoel.

– Vi forstår at NRK må spare pengar, det er prioriteringane vi ikkje er samde i. NRK vil no satse på dei folkerike byområda på ein måte som går ut over distrikta. Det tykkjer vi er paradoksalt når vi veit at byområda allereie i dag har eit langt betre radio- og fjernsynstilbod enn distrikta, der mange ikkje ein gong får inn NRK2, held Låte og Hoel fram.

Målrørsla vil stå på for å løfte saka om distriktsprofilen i NRK opp på eit politisk nivå og er glad for at opposisjonen i Stortinget har reagert.
– Eg er overraska og skuffa over at kulturminister Svarstad Haugland ikkje ser ut til å forstå dei språkpolitiske og distriktspolitiske konsekvensane av det som no skjer i NRK. Når Svarstad Haugland uttaler at kutta i budsjetta til distriktskontora faktisk blir gjort for at distriktsprogramma skal bli enda betre, er dette ein uforståeleg retorikk, avsluttar Hoel.

For meir informasjon:
- Jon Låte, styreleiar i Kringkastingsringen, tlf. 91 54 87 41
- Knut E. Karlsen, dagleg leiar i Kringkastingsringen, tlf. 90 87 74 87
- Oddmund L. Hoel, leiar i Noregs Mållag, tlf. 57 68 66 18 eller 970 21 194

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no