Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sogn og Fjordane krev endring i mållova

 (14.12.2001)

14.12.01. Fylkestinget i Sogn og Fjordane krev at mållova vert endra slik at føretak som Posten, Luftfartsverket og NSB fell innanfor lova etter omdanning til AS. Fylkestinget bed òg regjeringa gjera det klårt at helseføretaka fell inn under mållova.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane gjorde 11.12.01 slikt vedtak i SAK 0051/01 MÅLBRUK I OFFENTLEG TENESTE:

"Fylkestinget i Sogn og Fjordane er uroa for at fleire og fleire viktige samfunnsinstitusjonar fell utanfor eller melder seg ut av lov om målbruk i offentleg teneste.

Mållova har vore heilt avgjerande for å etablera nynorsk som eit vanleg bruksspråk i Sogn og Fjordane. Posten, NSB og Luftfartsverket er aktuelle døme på organ som etter omdanning til AS ikkje vil falla inn under mållova. Det er også uklart kva forhold dei nye helseføretaka har til mållova etter at sjukehusa ikkje lenger er underlagde fylkeskommunale vedtak om målbruk.

Regjeringa skal no leggja fram den fireårige stortingsmeldinga om målbruk i offentleg teneste. Fylkestinget i Sogn og Fjordane ber om at regjeringa i meldinga går inn for ei modernisering av mållova slik at verksemder som Posten, NSB og Luftfartsverket også er underlagde mållova etter omdanninga til AS.

Fylkestinget bed òg regjeringa gjera det klart at dei nye helseføretaka fell inn under mållova, slik at nynorsk framleis blir administrasjonsmål på sjukehusa i Sogn og Fjordane."

(vedteke med 37 mot 2 røyster)

Møteboka er tilgjengeleg hjå <a href="http://www.sf-f.kommune.no">Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no