Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mindre norsk på universitet og høgskular?

 (07.12.2001)

07.12.01. KUF har i eit høyringsnotat gjort framlegg om å stryka paragrafen i universitets- og høgskulelova som slår fast at "undervisningsspråket er til vanlig norsk". I ei høyringsfråsegn reagerer Noregs Mållag skarpt på framlegget. Høyringsfristen er 10.12.

<a href="http://www.odin.dep.no/kuf/norsk/aktuelt/hoeringssaker/paa_hoering/015071-990021/index-dok000-n-n-a.html">Høyringsnotatet frå KUF</a> (Odin)
<a href="http://webobjects.uio.no/cgi-bin/WebObjects/avis.woa/wa/visArtikkel?id=2924&del=uniforum">Norsk på vikende front ved universitetet?</a> (Uniforum 28.11.2001)

Til:
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet
Boks 8119 Dep
0032 Oslo

Dato: 6. desember 2001

Høyringsfråsegn – universitets- og høgskolelova, § 2.7: Undervisningsspråket bør også i framtida ’til vanlig være norsk’!

Noregs Mållag er svært overraska over at departementet har gjort framlegg om å sløyfa noverande § 2.7 i universitets- og høgskulelova, den som seier at ’undervisningsspråket er til vanlig norsk’. Denne formuleringa blei i si tid teken inn i lova for å slå fast at høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar har eit viktig kulturpolitisk ansvar, mellom anna for å ivareta og styrkja norsk språk. Formuleringa er også viktig i høve til det ansvaret universitet og høgskolar har for å tilby norskspråkleg opplæring på høgaste nivå i utdanningssystemet.

Det er ingenting som tilseier at ein no aktivt bør gå inn for å redusera statusen til norsk språk innanfor høgare utdanning. Tvert om, i ei tid med akselererande globalisering og anglofisering, må ein vera medviten om kor sårbart det norske språksamfunnet er. Staten har sjølv demonstrert eit slikt medvit mellom anna gjennom Norsk språkråd sine kampanjar mot uvettig anglofisering.

Det er stadig viktig, og politisk mogeleg, å halda oppe og styrkja norsk språk - t.d. norsk fagterminologi. Dette står ikkje i motsetnad til det ansvaret norske høgskular og universitet også har for å delta i det internasjonale utdannings- og forskingssamfunnet. Og det står heller slett ikkje i vegen for at Samisk høgskole til vanleg underviser på samisk, noko som òg bør slåast fast i lova. Men internasjonaliseringa må ikkje føra til domenetap for norsk og samisk, eller til ei undergraving av norske studentar sin rett til høgare utdanning på sitt eige språk.

Dersom framlegget om å ta ut paragraf 2.7 går gjennom, vil det vera eit kulturpolitisk signal som bagatelliserer stoda for norsk og trongen for språkvern. Det vil vera både ei feilvurdering og eit feilsteg.

Noregs Mållag gjer difor framlegg om at det aktuelle punktet i paragraf 2.7 i universitetslova vert utvida slik at det vert ståande:

a) Undervisningsspråket er til vanlig norsk

Nye ledd b og c:
b) Det skal utarbeides undervisningstilbud på engelsk eller andre
fremmedspråk etter behov
c) undervisningsspråket ved samisk høgskole er til vanlig samisk


Med venleg helsing
NOREGS MÅLLAG

Oddmund Løkensgard Hoel
leiar

Ingeborg Mjør
nestleiar

Hege Myklebust
dagleg leiar


Kopi til: Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no