Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Språkleg katastrofe i samferdselssektoren

 (07.12.2001)

Pressemelding. 07.12.01. - Vedtaket om å gjera om Posten, NSB og Luftfartsverket om til aksjeselskap kan bli ein katastrofe for bruken av både nynorsk og norsk språk i det heile i samferdselssektoren, seier leiar i Noregs Mållag Oddmund Hoel.

Desse føretaka er underlagde krava i lov målbruk i offentleg teneste om å bruka både nynorsk og bokmål, men slik mållova i dag er utforma, vil dei falla utanfor ved omdanning til AS.

- Det er berre å sjå på SAS. Trass i eit tungt statleg eigarskap brukar ikkje selskapet eit ord nynorsk, og fleire og fleire kundetenester er berre tilgjengelege på engelsk. Med omdanning til AS ligg det til rette for delprivatisering, nordiske fusjonar og språkleg "SAS-ifisiering" i dei andre samferdselsselskapa òg, seier Hoel.

Hoel er skuffa over at samferdselspolitikarane ikkje har sett dei språklege problema, men peikar på at det er lett å gjera noko med det. Regjeringa legg om to veker fram den fireårige stortingsmeldinga om offentleg målbruk. Kulturdepartementet har hatt eit eige utval i arbeid for å sjå på korleis mållova kan utvidast til å gjelda heil- eller halvstatlege institusjonar som tek seg av viktige samfunnsoppgåver, men er meir fristilte enn tradisjonelle statsorgan.
- Noregs Mållag reknar no med at regjeringa i mållovsmeldinga følgjer opp utvalet og tidlegare ønske frå Stortinget om å utvida verkeområdet for mållova. Språket er ein viktigare del av infrastrukturen i samfunnet vårt enn jarnbanar og flyplassar, seier Hoel.

For fleire kommentarar:
- Oddmund L. Hoel, leiar i Noregs Mållag, 57 68 66 18
- Hege Myklebust, dagleg leiar i Noregs Mållag, 22 47 71 11, 928 16 136

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no