Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

11 organisasjonar bed Stortinget sikra parallellutgåveordninga

 (21.11.2001)

22.11.01. Stortinget får 22. november kl 11 overlevert eit brev frå 11 organisasjonar med krav om at parallellutgåveordninga må sikrast i statsbudsjettet for 2002. Her følgjer presseinvitasjon og pressemelding.

PRESSEINVITASJON

Leiaren i utdanningskomiteen på Stortinget, Rolf Reikvam, vil torsdag 22. november klokka 11.00 få overlevert eit brev frå 11 organisasjonar om krisa i parallellutgåveordninga for lærebøker. Overleveringa skjer på Løvebakken, utanfor Stortinget, og pressa er velkomen til å vera til stades. Leiar Astrid Dypvik i Norsk Målungdom vil overlevera brevet saman med ein rapport frå Noregs Mållag og Norsk Målungdom om stoda for nynorske læremiddel.


PRESSEMELDING

11 organisasjonar bed Stortinget sikra parallellutgåveordninga

- Staten har dei siste åra drive ei stille avvikling av den viktige parallellutgåveordninga som sikrar at nynorskelevar får lærebøker til same tid og pris som bokmålselevane. Stortinget må no ta ansvaret for å sikra ordninga på statsbudsjettet for 2002, seier Astrid Dypvik i Norsk Målungdom.

NMU-leiar Dypvik og Noregs Mållag står i spissen for 11 organisasjonar og ungdomsparti som no vender seg til Stortinget med eit felles brev. Brevet er underskrive av leiarane i dei to nynorskorganisasjonane, Elevorganisasjonen, Norsk Lærarlag, Lærarforbundet, Senterungdommen, Unge Venstre, Kristeleg Folkepartis Ungdom, AUF, Raud Ungdom og Sosialistisk Ungdom.

- Me krev at tilskot til parallellutgåver igjen må bli ein eigen post på statsbudsjettet slik det var fram til 1994, og at Stortinget sikrar dei midla som trengst for å føra ordninga vidare. Skjer ikkje det, vil nynorskelevar på små og mellomstore fag stå utan lærebøker om få år, seier Astrid Dypvik.

Saman med brevet får Stortinget overlevert ein rapport frå Noregs Mållag og Norsk Målungdom om stoda for nynorske læremiddel. Rapporten dokumenterer den økonomiske krisa i ordninga som ligg til grunn for initiativet frå organisasjonane.

Sidan tidleg i 1970-åra har det vore eit lovfesta krav at læremiddel for grunnskulen og den vidaregåande skulen skal koma på bokmål og nynorsk til same tid og pris, og forlaga har fått tilskot til parallellutgåver på små og mellomstore fag. No er det ikkje delt ut friske midlar til parallellutgåver sidan hausten 1999 fordi tilskotsordninga framleis slit med eit økonomisk etterslep etter den store læremiddelproduksjonen i samband med ”Reform 94”. Det samla etterslepet for parallellutgåver og basisutgåver (bokmålsutgåver for små fag) er på 40 mill kr etter at heile 2001-løyvinga på 18,7 mill kr er brukt på etterslepet. Regjeringa har gjort framlegg om å føra løyvinga vidare på same nivå i 2002.

- Me reagerer særleg skarpt på usynleggjeringa av denne svært viktige og lovfesta ordninga for nynorsk skriftkultur. Frå å vera ein eigen post på statsbudsjettet i 1994 førekjem ikkje ordet ”parallellutgåve” i framlegget til statsbudsjett for 2002, seier leiar i Noregs Mållag Oddmund Hoel.
- Det er talande for situasjonen at departementet i dag ikkje er i stand til å gjera greie for kor mykje av tilskota etter 1998 som er brukte til bokmålsbøker i små fag og kor mykje som har gått til nynorske parallellutgåver, seier Hoel.
- I 1998 gjekk berre 14% av dei samla læremiddeltilskota til parallellutgåver, så no får nynorskelevane svi for ei generell krise i læremiddelpolitikken, seier Hoel.

Norsk Målungdom og Noregs Mållag er redd for at forlaga vil slutta å gje ut nynorskutgåver for små og mellomstore fag om Stortinget ikkje sikrar at det vert lyst ut friske midlar til parallellutgåver.
- Det siste året har ni bøker kome utan nynorskutgåver. Frustrasjonen i forlagsbransjen er stor, så me fryktar at mange forlaga vil slutta å gje ut nynorskutgåver dersom dei ikkje får tilskot. I åra som kjem skal mange av Reform 94-bøkene koma i nye utgåver, så konsekvensane vil bli dramatiske for nynorskelevane dersom Stortinget ikkje tek tilbake styringa på dette feltet, seier Hoel.

Brevet frå dei 11 organisasjonane
<a href="http://www.nm.no/maalsaker_side.cfm/9174/35550">http://www.nm.no/maalsaker_side.cfm/9174/35550</a>

Rapport om stoda for nynorske læremiddel
<a href="http://www.nm.no/maalsaker.cfm/9174/9190">http://www.nm.no/maalsaker.cfm/9174/9190</a>

For meir informasjon:
* Astrid Dypvik, leiar i Norsk Målungdom, tlf 928 48 360, 22 42 63 00
* Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, tlf 57 68 66 18

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no