Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Opnar for nynorsk pressestøtte

 (18.11.2001)

Pressemelding. 18.11.01. Noregs Mållag krev at Stortinget øyremerkar delar av pressestøtta til riksaviser som opnar for nynorsk på redaksjonell plass.
- Eg tykkjer dette er ein spennande ide som eg vil ta med vidare i vurderinga av pressestøtta, sa kulturminister Valgerd Svarstad Haugland på opninga av Noregs Mållag sitt haustseminar denne helga.

Noregs Mållag har i lang tid vore oppteken av at riksavisene har forbod mot nynorsk på redaksjonell plass.
- Ved å øyremerke dela av pressestøtta til riksaviser som brukar nynorsk, vil ein få eit positivt verkemiddel som kan gje journalistane i riksavisene høve til å bruke nynorsk, seier Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag. Hoel er godt nøgd med signala frå kulturministeren.
Allereie i dag vert pressestøtta brukt til særskilt styrking av journalistikk i samiske aviser og innvandrarpublikasjonar.

For meir informasjon:
Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, 970 21 194
Hege Myklebust, dagleg leiar i Noregs Mållag, 928 16 136
Terje Skjerdal, leiar i Mediemållaget, 911 94 995

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no