Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kulturminister Svarstad Haugland opnar nynorskseminar

 (16.11.2001)

Pressemelding. 16.11.01. Laurdag 17. november skipar Noregs Mållag til Haustseminaret ”Nynorsk - meir enn eit språk?” Kulturminister Valgerd Svarstad Haugland opnar seminaret.

- Vi ventar oss at Valgerd Svarstad Haugland på vegne av regjeringa nyttar høve til å seie klårt ifrå om at alle elevar i Noreg framleis skal få skriftleg opplæring i både nynorsk og bokmål, utfordrar Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag. Det er forvirring om haldninga til regjeringa etter at utdanningsminister Kristin Clemet nyleg uttala seg positivt til forsøk med fritak frå sidemålsopplæring, medan kulturminister Valgerd Svarstad Haugland forsvarte sidemålsordninga.

Haustseminaret til Noregs Mållag i Oslo samlar debattantar og vitskapsfolk frå eit vidt spekter. Emnevalet er inspirert av den rykande ferske boka ”Kampen for språket”, som Håvard Teigen og Elisabeth Bakke har redigert (Noregs Mållag/Samlaget).

For meir informasjon:
Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, 22 47 71 00 eller 970 21 194
Hege Lothe, informasjonsmedarbeidar i Noregs Mållag, 22 47 71 00 eller 926 48 348
Håvard Teigen, redaktør av Kampen for språket, 22 47 71 00 eller 908 87 756

Haustseminar: Nynorsk – meir enn eit språk?
Stad: Rosenkrans gate 8, Teatersalen til BUL i Oslo
Program:
Laurdag 17. november
1100 Velkomen. Leiar i Noregs Mållag, Oddmund L. Hoel
1105 Opning. Kulturminister Valgerd Svarstad Haugland
1145 Hovudføredrag: Nynorsk – meir enn eit språk?
Innleiing ved Øyvind Østerud og Andreas Hompland
1230 Kommentar ved Håvard Teigen
1300 Lunsj
1400 Ordskifte
1500 Nynorsk mot bokmål – eit kulturelt skilje? Presentasjon av boka «Kampen for språket.» Hovudinnleiing ved Elisabeth Bakke, kommentar ved Jan Terje Faarlund
1630 Ordskifte
2000 Middag. Litterært innslag

Sundag 18. november
0900 Kan språkutviklinga styrast? Kvar går grensene for språkpolitikken? Innleiingar ved Sylfest Lomheim og Lars S. Vikør
1030 Ordskifte
1115 Kaffipause
1145 Vel mellom to parallelle seminar:
1) Normering – innleiing ved Oddrun Grønvik
2) Pressestøtta som språkpolitisk verkemiddel – i samarbeid med Mediemållaget.
Innleiing ved Sigve Gramstad, kommentar ved Asta Brimi. Møteleiar: Dag H. Nestegard.
1330 Avslutning ved Oddmund L. Hoel
1400 Lunsj

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no