Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållaget krev sidemålsavklaring frå regjeringa

 (06.11.2001)

Pressemelding 06.11.01. - Regjeringa må no seie klart ifrå om at alle elevar i Noreg framleis skal få skriftleg opplæring i både nynorsk og bokmål, seier leiar i Noregs Mållag Oddmund Hoel. Det er forvirring om haldninga til regjeringa etter at utdanningsminister Kristin Clemet nyleg uttala seg positivt til forsøk med fritak frå sidemålsopplæring, medan kulturminister Valgerd Svarstad Haugland forsvarte sidemålsordninga. Noregs Mållag meiner dette er ei sak for Stortinget.

- Vi er svært glade for at kulturminister Haugland slår så klart fast at sidemålsopplæringa ikkje skal svekkjast, og regjeringsplattforma opnar heller ikkje for tukling med sidemålet. Men det er Clemet som er utdanningsminister, ikkje Haugland, så KrF og Venstre må no syte for at Bondevik II fører regjeringa og ikkje Høgre sin språkpolitikk, seier Hoel.

Utdanningsdepartementet vil no få ein ny søknad om sidemålsfritak frå Vestfold.
- Dermed er det behov for at regjeringa raskt avklarar kva ho meiner om denne svært viktige språkpolitiske saka, seier Oddmund Hoel, som meiner dette er ei sak som må endeleg avgjerast av Stortinget.

- Utdanningsdepartementet presiserte i avslaget sitt til Oslo og Vestfold at dette ikkje er eit pedagogisk eller organisatorisk forsøk, men ei språkpolitisk sak som må opp i Stortinget. Då Ap-regjeringa ville ha forsøk med utvida skulefritidsordning, sa Per-Kristian Foss at "forsøksordningar er berre ein måte å snikinnføra ting på". Det gjeld like mykje her, påpeikar Hoel.

Vestfold fylkeskommune og Oslo kommune fekk avslag på søknadene sine om fritak for skriftleg sidemål før Ap-regjeringa gjekk av, men no har Vestfold vedteke å senda ny søknad.
- Obligatorisk sidemålsundervisning i ungdomskulen og vidaregåande skule sikrar at både nynorsk og bokmål er fullverdige bruksspråk i Noreg, slår Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag fast.

- Noregs Mållag deler elles Høgre og regjeringa sitt ønske om at elevane i norsk skule skal møte ei betre lese- og skriveopplæring i skulen. Difor utfordrar vi utdanningsminister Kristin Clement til å gjere noko med dette i staden for å svekkje norskfaget ved å ta bort opplæringa i det eine av språka våre, seier Oddmund Hoel. Noregs Mållag har bede om eit møte med Clemet for å drøfte korleis norskfaget kan styrkjast.

For meir informasjon:
Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, 57 68 66 18 eller 970 21 194
Hege Myklebust, dagleg leiar i Noregs Mållag, 22 47 71 00 eller 928 16 136



Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no