Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Merknader til kulturbudsjettet for 2002

 (25.10.2001)

25.10.01. Noregs Mållag ser fleire nynorske lyspunkt i Stoltenberg-regjeringa sitt framlegg til kulturbudsjett for 2002. Men NM reagerer på at Dag og Tid er kutta med 150.000 kr og at Noregs Ungdomslag framleis ikkje har fått plass på kulturbudsjettet. Les høyringsfråsegna som er sendt til familie-, kultur- og administrasjonskomiteen. Sjå òg <a href="http://www.odin.dep.no/kd/norsk/publ/stprp/018001-030004/index-dok000-n-n-a.html">framlegg til statsbudsjett for 2002</a>.

Til:
Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
Stortinget
0026 Oslo

24. oktober 2001


FRAMLEGG TIL STATSBUDSJETT FOR 2002 - HØYRINGSFRÅSEGN FRÅ NOREGS MÅLLAG

Det er eit nedfelt prinsipp både i lovverk, politiske målsetjingar og norsk samfunnsliv at bokmål og nynorsk er likeverdige og jamstelte skriftmål. Det har likevel alltid vore slik at bokmålet har hatt fleirtalet og makta bak seg, og at den nynorske skriftkulturen har måtta greia seg i eit mindretalstilvære og opplever mange av dei problema som mindretalsspråk ofte slit med. Offentlege ordningar som stør opp under nynorsk skriftkultur har vore eit viktig verkemiddel for å motverka dei problema som kjem av at nynorsken aktivt vert halden utanfor viktige private område, td. dei største riksdekkjande avisene, vekepressa og store delar av næringslivet.

Framlegget til statsbudsjett for 2002 inneheld fleire lyspunkt for nynorsk skriftkultur, men som heilskap er budsjettframlegget diverre for defensivt når det gjeld å møta dei store nye utfordingane som særleg nynorsk skriftkultur står overfor i dei komande åra. Budsjettframlegget inneheld òg eit par svært negative punkt, som at Dag og Tid har fått eit kutt i produksjonstilskotet på kr 150.000 og at Noregs Ungdomslag framleis ikkje har fått plass på budsjettet.


Språkpolitiske målsetjingar

I Del I "Innledning, kapittel 4.1 "Hovedmål for kulturpolitikken" skriv regjeringa:

Det norske språkområdet er svært lite sett i forhold til de fleste andre nasjonalspråk, og er som følge av den raske teknologiske utviklingen truet i større grad enn tidligere. Å sikre bruken av norske språk - både bokmål og nynorsk - fremstår derfor som et viktig mål. Bl.a. vil det være spørsmål om nødvendige tiltak for å unngå såkalte domenetap, dvs. at norsk som fagspråk på ulike områder blir fortrengt av engelsk. (s. 14)

I kap. 0326 "Språk-, litteratur- og bibliotekformål" kjem regjeringa nærare inn på målsetjingane på s. 109, særleg Hovedmål 1 og Resultatmål 1.1-1.3.

Dette er vel og bra, men korkje her eller andre stader i budsjetteksten vert det tematisert at den formelle jamstellinga mellom bokmål og nynorsk slett ikkje kjem til uttrykk i ei reell jamstelling i det norske samfunnet, eller at presset mot den nynorske skriftkulturen er langt større enn mot bokmålet. Det står (s. 107) at Kulturdepartementet hausten 2001 vil leggja fram den faste fireårige stortingsmeldinga om mållova og der gå inn på ein del meir prinsipielle språkpolitiske spørsmål, og dette ser me sjølvsagt fram til.

Dette er likevel ikkje tilstrekkjeleg. Både nynorsk skriftkultur og norsk språk i det heile står overfor så store utfordringar at det slett ikkje er nok å ta dei opp i ei stortingsmelding som eigenleg primært skal handla om målbruk i statsforvaltninga. Noregs Mållag har tidlegare teke opp behovet for å ta opp norsk språkpolitikk til ei større heilskapleg drøfting for å leggja grunnen for ein langt meir offensiv og betre samordna språkpolitikk som kan møta dei nye trugsmåla mot norsk språkmangfald. Sentralt i dette må det vera å gjera Norsk språkråd til ein sterkare reiskap for norsk språk. Me har i fyrste omgang etterlyst ei offentleg språkleg "maktutgreiing". Me minner om at 2001 er proklamert som Det europeiske språkåret av Europarådet og EU og at det såleis er rett år å ta eit slikt initiativ i.

Noregs Mållag oppmodar komiteen om å:
- formulera ei eiga målsetjing om at nynorsk skriftkultur må styrkjast for å koma nærare ei reell jamstelling mellom bokmål og nynorsk i norsk samfunnsliv
- be departementet ta initiativet til ei "språkleg maktutgreiing" eller ein språkkommisjon som skal gjera opp status for norsk språk og leggja grunnlaget ein språkpolitikk som på ein meir offensiv måte enn i dag vil styrkja det norske språkmangfaldet


Noregs Ungdomslag

Tradisjonsrike Noregs Ungdomslag (skipa 1896) har ei tid arbeidd for å koma inn på kulturbudsjettet og har heller ikkje i år fått gjennomslag for dette i framlegget frå regjeringa. Dette er Noregs Mållag svært lei for. Etter at stønadsordninga til barne- og ungdomsorganisasjonar vart lagt om i 1997, har NU falle mellom to stolar. NU har for mange medlemer over 25 år og får difor ikkje lenger full støtte for medlemer under 25 år. Med sine totalt 17.000 medlemer får NU no berre om lag 800.000 kr frå BFD. Det burde vera ein stor styrke for organisasjons- og kultur-Noreg at NU har overlevd som ein sterk fleirgenerasjonsorganisasjon, men økonomisk er NU kraftig straffa for dette. Nedgangen har vore dramatisk, og NU sentralt har no berre fire tilsette (mot 21 for 10 år sidan). På grunnplan er NU ein svært aktiv organisasjon med 450 fungerande lag, og dette er den største organisasjonen i Noreg på folkedans og amatørteater, i tillegg til at laga driv 72 diskotek (!) og fleire hundre ungdomshus. Den økonomiske krisa i sentralorganisasjonen vil i neste omgang forplanta seg til grunnorganisasjonen.

Noregs Mållag oppmodar komiteen om å retta opp dette ved å gje NU innpass på og driftstilskot over kulturbudsjettet.


Kap. 324 Teater- og operaformål

Post 70 Nasjonale institusjoner (Det Norske Teatret)
Noregs Mållag seier seg glad for framlegget om å gje Det Norske Teatret 5 mill kr i tillegg til den ordinære løyvinga til oppgradering av det tekniske utstyret. Dette er svært viktig for tryggleiken på teatret og for drifta vidare. Me reagerer likevel på at Det Norske Teatret nett som i 2001 ligg heile 8,3% etter tilskotet til Nationaltheatret trass i at dette prinsipielt må reknast som to fullt ut jamstelte norske hovudscener. Dette bør rettast opp.


Kap 326. Språk-, litteratur- og bibliotekformål

Post 73 Noregs Mållag
1993 var fyrste året Noregs Mållag fekk driftstilskot over statsbudsjettet, og sidan 1996 har tilskotet reelt lege på det nivået som Kulturdepartementet gjer framlegg om å vidareføra i 2002 (indeksjustert). Statstilskotet har i alle desse åra lege på 21-24% av dei samla inntektene, og Noregs Mållag fekk i 2000 54% av inntektene frå eigne medlemer (medlemspengar, gåver, lotteri). Medlemstalet har gått opp med 1,6% frå 1997 til 2000 og var i fjor på 11.001.

I desse åra har samstundes den ålmenne lønsutviklinga vore klårt større enn prisauken/auken i driftstilskotet, og andre kostnader som reiser (flyprisar) og porto har også auka mykje. I 2001 kom i tillegg momsreforma. Noregs Mållag har altså fått dårlegare råd, samstundes som utfordringane for nynorsken og krava til å utvida arbeidet til nye felt (som IKT) stadig aukar.

NM har vedteke å auka medlemspengane frå 240 kr i 2001 til 290 kr i 2002 for å finansiera ei satsing på regionalt tilsette konsulentar som skal driva organisasjonsbygging og styrking av det lokale arbeidet. Me oppmodar komiteen om å stø opp om denne satsinga og den positive utviklinga Noregs Mållag er inne i ved å auka tilskotet til NM med kr 500.000. Auken vil bli brukt til å styrkja arbeidet på hovudsatsingsfelta til Noregs Mållag:
- nynorsk i skuleverket, m.a. styrking av ordninga med obligatorisk opplæring i båe språk
- nynorsk i informasjons- og kommunikasjonsteknologi
- nynorsk i media
- nynorsk i offentleg forvaltning (mållova)
- internasjonalt arbeid
- styrking av grunnorganisasjonen

Me minner om at Noregs Mållag, i tillegg til å vera ein pressorganisasjon, har noko av den fremste kompetansen på norske språktilhøve, språklege rettar og språkutvikling i Noreg, og at organisasjonen er ein viktig samarbeidspartnar for det offentlege i arbeidet for å styrkja og verna om norsk språk.

Post 74 Det Norske Samlaget
Det var svært gledeleg at Stortinget i fjor viste vilje til å satsa på ein nynorsk barnebokklubb gjennom eit ekstratilskot til Det Norske Samlaget. Blåmann Barnebokklubb vart lansert i september, og fyrste medlemsblad kjem kring 1. november. Me føreset at komiteen er viljug til å føra dette prosjektet i mål ved å gje Samlaget den løyvinga som regjeringa har gjort framlegg om for 2002.

Post 75 Språkteknologi, Norsk Ordbok m.v.
Det største lyspunktet for nynorsk skriftkultur i statsbudsjettet er viljen til å satsa på prosjektet "Norsk Ordbok 2014" som har som mål å få Noregs største ordboksverk, Norsk Ordbok, ferdig til grunnlovsjubileet i 2014. Universitetet i Oslo har bunde seg til å ta sin del av kostnadene, og me er svært glade for at regjeringa her har fylgt opp intensjonen i arkiv-, bibliotek- og museumsmeldinga. Dei store prosjekta for nynorsk skriftkultur var i 80-åra nybygget til Det Norske Teatret og i 90-åra Ivar Aasen-tunet. Det komande tiåret vil det bli ferdigstillinga av Norsk Ordbok.


Kap. 328 Museums- og andre kulturvernformål

Post 70 Nasjonale institusjoner (Nynorsk kultursentrum)
Det er òg gledeleg at regjeringa har gjort framlegg å auka tilskotet til Nynorsk kultursentrum for 2002 med 1 mill kr til det nivået som var føresett i statsbudsjettet for 1996. Me vil presisera at denne auken også er heilt naudsynt for at Nynorsk kultursentrum/Ivar Aasen-tunet skal kunna fylla rolla si som eit nasjonalt sentrum for nynorsk skriftkultur.


Kap. 335 Pressestøtte

Post 71 Produksjonstilskudd
Noregs Mållag ser på produksjonstilskotet til dagsaviser som den viktigaste enkeltståande støtteordninga for nynorsk skriftkultur. Denne ordninga sikrar eit økonomisk grunnlag for dei riksavisene som slepper til nynorsk på redaksjonell plass (Vårt Land, Nationen, Klassekampen, Dagen), og støtta til lokalaviser sikrar utgjevinga av svært mange av dei lokalavisene som brukar nynorsk. Så lenge dei tyngste riksavisene (VG, Dagbladet, Aftenposten, Dagens Næringsliv) og mange viktige regionaviser held oppe forbodet mot nynorsk på redaksjonell plass, er pressestøtta heilt avgjerande for nynorsk som avisspråk.

Dette svært viktige argumentet for pressestøtta er diverre ikkje synleg i offentlege mediepolitiske dokument, som statsbudsjettet, mediemeldinga og tilrådinga frå dagspresseutvalet.

Noregs Mållag er svært skeptisk til å ta frå staten plikta til å annonsera i riksavisene. Å gjera om denne støtta til produksjonstilskot gjer at ein langt større del av støtta til desse avisene står på utrygg grunn. Viktigast er likevel det udemokratiske i at dei viktige stillingslysingane for staten ikkje vil bli lett tilgjengelege for like mange ulike lesargrupper som før. For nynorsken har det lenge vore eit stort problem at ei stor overvekt av dei som vert tilsette i den sentrale statsadministrasjonen kjem frå Oslo og Akershus, og dette problemet vil no bli endå større.

Me oppmodar difor komiteen om å
- støtta nivået på produksjonstilskotet i budsjettframlegget
- skriva ein merknad om at pressestøtta (produksjonstilskotet) til riksdekkjande meiningsberande aviser og lokalaviser er ei svært viktig ordning for nynorsk pressespråk og skriftkultur
- ta vare på statens plikt til å lysa ut ledige stillingar i riksavisene

Post 76 Tilskudd til ymse publikasjoner (Dag og Tid)
Det største vonbrotet i budsjettframlegget er at regjeringa vil kutta tilskotet til Dag og Tid med kr 250.000 i høve til i fjor, då avisa fekk 2,5 mill kr i tilskot. Dette er både uskjøneleg og svært uheldig! Vekeavisa Dag og Tid er den einaste riksdekkjande avisa på nynorsk og er svært viktig for nynorsk journalistikk og for det nynorske pressemiljøet attåt å vera ei nyttig, særeige og annleis røyst i det norske mediebiletet.

Dag og tid har gjennom dei siste åra måtta tola ein kraftig reell nedgang i støtta. Frå 1994 til 2000 gjekk produksjonstilskotet ned frå 75% til 48% i høve til eigne inntekter. På toppen av dette har distribusjonskostnadene (bladportoen) auka med heile 33% frå 1995 til 1999. Å kutta i statsstøtta i denne situasjonen er direkte småleg. Me oppmodar komiteen om å auka tilskotet til Dag og Tid med kr 300.000 i høve til framlegget frå regjeringa

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no