Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Læremiddel på statsbudsjettet - presisering

 (15.10.2001)

15.10.01. Ordninga med tilskot til parallellutgåver er heldigvis ikkje fjerna frå statsbudsjettet, men økonomisk krise i ordninga kan likevel skapa store problem for nynorskelevane. Trond Giske fortente såleis ikkje rettig all kjeften han fekk i førre melding.

Framlegget til statsbudsjett 2002 frå Utdanningsdepartementet seier om posten "Tilskot til læremiddel o.a." (kap. 202, post 70):

"Det er to tilskottsordningar under denne posten: tilskott til utvikling og produksjon av læremiddel for små elevgrupper og smale fagområde og tilskott til utvikling og produksjon av særskild tilrettelagde læremiddel og læremiddel for språklege minoritetar. Ordningane blir forvalta av Læringssenteret." Det er sett av 33,8 mill kr på budsjettet for 2002, mot 32,8 mill kr i 2001.

KUF presiserer at denne posten som tidlegare år også skal brukast til språklege parallellutgåver sjølv om dette ikkje er nemnt særskilt i teksten. Noregs Mållag er glad for at tilskotsordninga såleis ikkje er fjerna. NM bed om at dette vert presisert både i tildelingsbrevet til Læringssenteret og av Stortinget i førehavinga av budsjettet slik at dei uklåre formuleringane heller ikkje kan takast til inntekt av dei som måtte ynskja å fjerna eller svekkja ordninga.

Samstundes er læremiddeltilskota i ei økonomisk krise som kan bli svært alvorleg for nynorskelevane. I 2001 vart det for fyrste gong på mange år ikkje lyst ut middel til språklege parallellutgåver som forlaga kan søkja på. Grunnen er at staten for fleire år sidan, i samband med dei store skulereformene, gav tilsegn om støtte til ei rad lærebøker som no er under utgjeving. Dette gjeld både parallellutgåver, læremiddel for små fag og anna. Heile læremiddelposten i 2001 gjekk til å dekkja dette etterslepet, og truleg vil heile løyvinga for 2002 òg gå med til dette dersom det ikkje vert gjeve ekstraløyvingar.

Alt i 2001 har fleire forlag late vera å prenta nye opplag av utselde nynorskutgåver, og dette problemet kan auka kraftig neste år dersom det heller ikkje då vert lyst ut middel som forlaga kan søkja på.

Noregs Mållag vil i løpet av oktober koma med ein nærmare dokumentasjon av stoda for nynorske læremiddel.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no