Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Katastrofebudsjett for nynorskelevar!

 (11.10.2001)

Pressemelding. 11.10.01. I statsbudsjettet har utdanningsminister Trond Giske fjerna ordninga med tilskot til parallellutgåver som sikrar at læremiddel kjem både på bokmål og nynorsk.

– Dette er ein katastrofe for nynorskelevane, seier Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, og Astrid S. Dypvik, leiar i Norsk Målungdom.

Tilskot til parallellutgåver og fellesspråklege lærebøker er fjerna i framlegget til statsbudsjett for 2002. Sidan 1970-åra har produksjon av parallellutgåver av lærebøker til grunnskulen og den vidaregåande skulen vore ein dugnad mellom forlagsbransjen og staten. I opplæringslova vert det kravd både nynorsk- og bokmålsutgåver av læremidla mot at staten gjev tilskot til parallellutgåvene i fag med færre enn 5000 elevar.
–Regjeringa har no einsidig brote denne ordninga. Faren er no svært stor for at forlaga no vil slutte å gje ut nynorskutgåver, rasar Oddmund Hoel.

At staten meiner alvor, kom til uttrykk ved at det i 2001 for fyrste gong sidan 1970-åra ikkje vart lyst ut middel til parallellutgåver som forlaga kunne søkje på.

Norsk Målungdom og Noregs Mållag har gjennom tre tiår samla elevar i gata for å demonstrere for nynorske læremiddel. Norsk Målungdom lover kamp denne hausten og.
– I valkampen sa utdanningsminister Trond Giske til dei 800 elevane som demonstrerte i Ålesund for nynorske læremiddel at nynorsk var ei viktig sak for han. Dette varte tydelegvis ikkje lenger enn til statsbudsjettet vart laga. Dette er eit svik frå Trond Giske, seier ei forbanna Astrid Dypvik.

I statsbudsjettet er det lagt vekt på utvikling av digitale læremiddel for elevar i vidaregåande skule. Noregs Mållag og Norsk Målungdom er overraska over at det heller ikkje står eit ord om at desse læremidla skal kome på nynorsk.
– Stortinget og den nye regjeringa må no slå klårt og tydeleg fast at parallellutgåveordninga står ved lag ved å halde oppe løyvingane til parallellutgåver. Skjer ikkje det, er dei lovfesta læremiddelrettane til elevane i praksis avskaffa, seier Astrid S. Dypvik.


For meir informasjon:
Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, 22 47 71 00 eller 970 21 194
Astrid S. Dypvik, leiar i Norsk Målungdom, 22 42 63 00 eller 928 48 360

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no