Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Litteraturdagane i Vinje

 (08.10.2001)

I haust kjem Olav Vesaas si store bok: ”Aasmund Olavsson Vinje – ein tankens hermann”.

Boka blir framlagd i Oslo nokre dagar føre me held Litteraturdagar i Vinje, men boka og Olav Vesaas vil stå sentralt hjå oss og.

Me trur at A.O.Vinje ikkje er avlegs. Mangt av det som var viktig for han i si tid, er viktig for oss i vår tid. Me har ikkje råd til å gløyme korleis han såg på samfunnet og ”livsens strid”.

Det vert opning av Litteraturdagane ved Vinjestoga av fylkeskultursjef Geir Berge Nordtveit og velkomst ved Olav og Ellen Nordstoga. Seinare om fredag legg Olav Vesaas fram ein nyskriven biografi, A.O.Vinje - ein tankens hèrmann, og innleier til samtale om diktaren og dølen. Boksal med signering av bøker

Om laurdag flyt me oss opp til Edland, heimstaden til «Storegut», Olav Edland, som Vinje gjorde kjend med diksamlinga. Det er på Nordigard, garden der Storegut vart fødd at skulen og samfunnshuset er bygt. Litteraturdagane held fram med Olav Nordstoga som fortel om «Diktaren og heimbygda» og vidare vil sosiolog og skribent Andreas Hompland, «Han ville fått sparken», om Vinje i dagens journalistiske landskap.

Det vert Kulturkveld i Storeguthallen med Ivar Eskeland som talar om «Aasmund Olavsson Vinje, Eit liv» Ellen Nordstoga, song. Aasmund og Odd Nordstoga og Lars Underdal framfører «Storegut» eit spelstykke om livet til kjempekaren. Festleiar er Sondre Bratland.

Det vert servering av tradisjonsmat båe dagane Om det melder seg mange nok vil det om sundag 28. oktober bli ein omvisning i bygda (med buss) til dei stadene som har tilknytning til Storegut.

Med dette bed me inn til litteraturdagar i Vinje den 26 - 28. oktober Me har ambisiøse tankar om å la dette bli ei årviss tilskiping. Vårt seminar tek ikkje for seg alt om lyrikaren, filosofen, folketalaren, bladmannen, folkepedagogen, naturelskaren Vinje i denne omgang, men me har vald ut tema som me vonar de vil finne so interessante, at de melder dykk på.

Me ynskjer dykk vel møtt til nyttige og trivelege dagar i hop med nasjonalskalden Vinje, som me vonar på ny skal stå fram for oss som den ufredelege vekkjaren han ein gong var.

Ta kontakt på tlf 350 70 317 - fax 350 70 365 E-post: <a href="mailto:ragnvald.christenson@c2i.net">ragnvald.christenson@c2i.net</a> og få tilsendt program eller sjå meir <a href="http://www.nm.no/side.cfm/1696/34738">her</a>.







Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no