Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Ingen hestehandel om sidemål!

 (02.10.2001)

02.10.01. - Når Kristeleg Folkeparti og Venstre no går inn i regjeringsforhandlingar med Høgre, bed vi Kjell Magne Bondevik og Lars Sponheim stille eit ufråvikeleg krav om at regjeringa skal forsvare obligatorisk skriftleg sidemålsopplæring i grunnskulen og den vidaregåande skulen, seier Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag.

- KrF og Venstre har vore gode parti for nynorsken, og saman med Ap, SV og Sp er det eit klart stortingsfleirtal for å halde på den obligatoriske opplæringa i båe språk. Dette fleirtalet må KrF og Venstre stø seg på når dei går i forhandlingar om regjeringsmakt med Høgre, og vi bed dei gå inn for å auke kvaliteten på den nynorske sidemålsopplæringa slik Høgre òg har uttrykt ønske om, seier Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag.

- Jon Lilletun har tidlegare gjort ein god jobb for nynorsken som utdanningsminister og bør vere ein sterk kandidat til denne statsrådposten, legg Hoel til.

- Vi oppmodar òg regjeringa og det nye Stortinget om å ta eit kraftak for nynorsk som IT-språk og nynorske læremiddel. Nynorskbrukarar må sikrast like god tilgang på dataprogram som bokmålsbrukarar. Det må innførast innkjøpsreglar som sikrar at det offentlege berre kjøper inn dataprogram som ligg føre både i nynorsk- og bokmålsversjon, seier Oddmund Hoel.

For meir informasjon:
Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, 57 68 66 18 eller 970 21 194

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no