Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Endring av stadnamnlova - høyringsmerknad

 (03.09.2001)

03.09.01. Ei arbeidsgruppe under Kulturdepartementet kom i januar med framlegg til endringar av stadnamnlova frå 1990. Landsmøtet og styret Noregs Mållag er svært kritisk til hovudpunktet i framlegget og meiner det vil svekkja stadnamna som kulturminne. Høyringsfristen gjekk ut 1. september. Høyringsbrev og høyringsnotat frå Kulturdepartementet og dei innkomne høyringsmerknadene kan lesast på <a href="http://www.odin.dep.no/kd/norsk/aktuelt/hoeringssaker/paa_hoering/018031-080005/index-dok000-n-n-a.html">Odin</a>.

Til:
Kulturdepartementet
Boks 8030 Dep.
0030 Oslo

Dato: 1. september 2001

Evaluering av stadnamnlova – høyringsmerknad

Me viser til ”Rapport om evaluering av lov om stadnamn”.

Landsmøtet i Noregs Mållag 27.-29. juli drøfta framlegget til endringar i stadnamnlova og vedtok samrøystes denne fråsegna:

"Landsmøtet i Noregs mållag åtvarar mot sider ved framlegget til endringar i stadnamnlova som vil innebera ei alvorleg svekking av stadnamn som kulturminne. Framlegget opnar for at nyare uttale som byggjer på reine feilskrivingar frå dansketida, kan danna grunnlaget for skriftfesting av norske stadnamn, og det tonar ned det namnefaglege perspektivet. Landsmøtet ber derfor om at stadnamnlova klårt slår fast at:

* skrivemåten av stadnamna framleis skal byggja direkte på nedervd lokal uttale, ikkje den lokale talemålsforma slik det no heiter
* stadnamnlova også skal gjelda på kontinentalsokkelen og i statsselskap som ikkje staten eig fullt ut
* ordninga med ei førebels tilråding frå namnekonsulentane held fram

Noregs mållag ser positivt på at framlegget inneheld ein eigen paragraf om namnevern og namnsetjing og at Statens kartverk får vedtaksretten for alle namn i statleg samanheng. Men framlegget er ikkje godt nok eigna til å forvalta den rike stadnamnarven vår, der stadnamna også i framtida får vera det dei burde vera: siste leddet i ein ubroten samanheng frå den tida namna voks fram - viktige kulturminne verd å ta vare på!"

Styret i Noregs Mållag har desse utdjupande merknadene til framlegget:

Forvaltninga av stadnamnarven vår er ei svært viktig sak. Hovudgrunnlaget for oss er stadnamna som verneverdige kulturminne, slik det også er uttrykt i forarbeida til lova. Det som gjer stadnamna særleg verneverdige, er dei nedervde lokale uttaleformene som er siste lekken i ein ubroten samanheng attende til den tida namna voks fram. Skrifttradisjonen er i så måte oftast mykje meir tilfeldig. Særleg er skriftformer frå 16-, 17- og (tidleg) 1800-tal tvilsame, og kan ikkje tilleggjast på langt nær same kulturelle verdi som dei nedervde, lokale uttaleformene.

For å halda oppe kulturminneverdien i stadnamntilfanget vårt, er det difor viktig å få fastsett skrivemåtar som byggjer direkte på den nedervde lokale uttalen. Den munnlege traderinga mellom generasjonane er svekt i vår tid, og namna blir i stadig sterkare grad lært etter skrifta, frå kart, skilt og andre kjelder. Dei skriftformene som blir fastsette til offentleg bruk, vil dermed bli grunnlaget også for dei munnlege formene som vil leva i framtida. Dette er eit område der vi faktisk har stor sjanse til å lukkast i å styra språkutviklinga i den leia vi ønskjer.

Den motsetnaden som det stundom blir sagt skal finnast mellom kulturverdien til namna og den praktiske adressefunksjonen, meiner me i all hovudsak er oppkonstruert. Når ei tradisjonell namneform har greidd å overleva fram til vår tid, har ho også synt seg praktisk dugande. Nedervde namn, og skrivemåtar som byggjer på nedervde uttaleformer, vil i dei fleste høve vera betre eigna enn nykonstruksjonar.

Somme av forslaga frå arbeidsgruppa tener til å styrkja stadnamna som kulturminne, medan andre diverre vil svekkja dei. Me vil koma nærare inn på dette i det følgjande.

Noregs Mållag vurderer desse punkta i framlegget frå arbeidsgruppa som positive og vil stø dei:

1. Ny paragraf der formålet og verkeområdet for lova blir klårt uttrykt (framlegg til ny §1)

2. Eigen paragraf om namnevern og namnsetjing (framlegg til ny § 4). Det er viktig å få inn i regelverket både at namn som hovudregel ikkje skal kunna flyttast dit dei ikkje er heime, og at ein ved nylaga namn mest mogleg skal følgja namneskikken på staden.

3. Skrivemåten i primærfunksjonen av namnet skal vedtakast først (merknader til § 5, andre ledd). Dette vil sikra eit meir einskapleg namneverk, jf. også neste punkt.

4. Statens kartverk får vedtaksretten for alle namn i statleg samanheng (nytt tredje ledd i § 6, med merknader). Dette vil gjera saksgangen enklare, og det vil gjera at ein unngår vedtak om ulike skrivemåtar av same namn, slik det har vore døme på. Kartverket er det statsorganet som har den klårt største kompetansen og røynsla når det gjeld forvaltning av namn.

5. Klager skal grunngjevast (tillegg i framlegg til ny § 9, første ledd). Dette vil kunna redusera talet på klagesaker.

Me ser elles positivt på at ein vil forenkla saksgangen i klagesaker. Når det gjeld ordinære namnesaker, sjå under punkt 2 nedanfor.


Negative sider ved framlegget:

Desse punkta vurderer me som negative, og me er redde dei vil svekkja kulturvernomsynet.

1. Formuleringa den nedervde lokale uttalen er føreslege bytt ut med den lokale talemålsforma av namnet (ny § 5, første ledd). Dette er ei klår svekking av kulturminnesynspunktet. Nyare, skriftmålsbaserte uttaleformer kan etter dette bli kravd som grunnlag for å fastsetja skrivemåten av namn, og likeeins bymålsformer som spreier seg ved utbygging i bynære miljø. Ut frå kulturminneverdien som det overordna målet med lova må dei nedervde lokale uttaleformene få klår forrang, og det må vera klårt uttrykt. Noregs Mållag krev at ein held på den opphavlege formuleringa i den noverande § 4.

2. Framlegget om å ta bort førebels tilråding frå namnekonsulentane (ny § 8, første ledd). Det namnefaglege rådet bør inn så tidleg som mogleg i namnesaker, for å få dei på rett spor. Høyringsinstansane må få høve til å uttala seg om dei fagleg grunngjevne namneformene. Dersom desse kjem inn så seint i prosessen som det er lagt opp til, er det grunn til å ottast at ein på lokalt hald vil kjenna seg overkøyrde. Dette kan igjen føra til fleire klagesaker. Me har forståing for at ein vil gjera saksgangen enklare, men ved eit grep som dette er me redde vinninga kan gå opp i spinninga. I klagesaker bør det derimot vera nok med ei tilråding frå namnekonsulentane. Her vil argumenta oftast vera godt kjende allereie.

3. Bruk av ubunden/bunden form i stadnamn. Her er det ikkje konkrete endringsframlegg, men spørsmålet blir vurdert under punkt 9.3. i rapporten frå arbeidsgruppa (s. 45). Her heiter det at spørsmålet om bunden eller ubunden form har skapt strid, og at det ikkje er klårt korkje for eigarar eller andre at bunden form er meir korrekt enn ubunden form. Det blir også hevda at det er usemje i namnegranskarmiljøet om dette. Noregs Mållag vil halda fram at den bundne artikkelen er ein integrert del av stadnamnet på same måte som td. forma på samansetjingsleddet. Hovudregelen bør framleis vera at ein følgjer den nedervde målføreuttalen på dette punktet. Mange stader er det klåre systematiske skilje mellom namn som blir uttalte i ubunden eller bunden form. Slike system er ikkje tilfeldige, og dei er i seg sjølve kulturminne som fortener vern. Dette kan mellom anna gje ein peikepinn om alderen på namna, og dermed fortelja om busetjingshistoria i området. Å stryka den bundne artikkelen i namn der han er ein opplagt del av uttaletradisjonen, kan karakteriserast som historieforfalsking. Noregs Mållag er merksam på at det ute mellom folk finst ein ganske stor motvilje mot å skrive bunden artikkel i ein del namn. Det ligg truleg ulike psykologiske årsaker bak. Kanskje blir bunden form ikkje oppfatta som ”fin” eller ”korrekt” nok. Dette grensar til fordommar, og fordommar bør ein ikkje byggja opp under i offentleg forvaltning. Gardsnamn bør ikkje få særhandsaming, korkje på dette eller andre punkt. Striden om bunden eller ubunden form, særleg i gardsnamn, fell ofte inn i eit større mønster der ein må velja mellom ei form basert på den nedervde, lokale uttalen, og ei form som grunnar seg på eldre skrivemåtar. Den siste forma vil ein gjerne finna som slektsnamn, og i den grad denne lever i munnleg bruk, vil det oftast vera nettopp som slektsnamn. Eit instruktivt døme på dette finst i innleiinga til Norsk slektsnamnsleksikon (formene Veka og Wegge). Påstandar om levande lokalt uttalegrunnlag kan altså ofte gjelda slektsnamnet og ikkje gardsnamnet. Det er svært tilfeldig og personavhengig kva for ei av desse formene lokalsamfunnet vil identifisera seg med. Det undrar oss at tilhøvet mellom gardsnamn og slektsnamn i det heile ikkje er problematisert av arbeidsgruppa, sidan namnestriden lokalt ofte gjeld nettopp gardsnamn- kontra slektsnamnformer. Noregs Mållag vil åtvara mot at synspunkta til arbeidsgruppa under punkt 9.3. blir lagt til grunn for namnehandsaming i framtida.

Me vonar departementet vil ta omsyn til desse merknadene i det vidare arbeidet med stadnamnlova.

Med venleg helsing
NOREGS MÅLLAG

Oddmund Løkensgard Hoel (s)
leiar

Hege Myklebust
dagleg leiar

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no