Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Krav til mållovsmeldinga: Ja til nynorsk byråkrati

 (30.08.2001)

Fråsegn vedteken på landsmøtet i Noregs Mållag 27.-29. juli 2001.

I 2001, som også er Det europeiske språkåret, undergrev og motarbeider det norske byråkratiet stadig nynorskbrukarane sin rett til å få informasjon på sitt eige språk.

Det er ei nasjonal skam som storting og regjering må ta tak i når det til hausten kjem ei ny stortingsmelding om målbruken i det offentlege. Hovudproblemet er stadig at altfor få statsorgan oppfyller krava i lova, og at ikkje alle statlege organ og føretak fell innanfor verkeområda til lova.

Noregs Mållag ser på mållovsbrota i det offentlege som ei unnasluntring og ei undergraving av nynorsken. Når Posten, Aetat, Telenor og likningskontora sentraliserer så har det til no ført til mindre nynorsk i Noreg. Det treng ikkje vera slik. Ein offensiv med motsett konsekvens ville vera å flytta meir av staten ut av Oslo og dit det bur fleire nynorskfolk!

Kulturminister Ellen Horn har uttrykt ambisjonar om at den nye mållovsmeldinga kan bli eit ’språkpolitisk program som famnar vidare enn det tidlegare meldingar av dette slaget har gjort’. Noregs Mållag meiner at regelverket må tilpassast tida me lever i og vil hjelpa Kulturdepartementet med å peika på korleis situasjonen kan rettast opp.

Den nye mållovsmeldinga må

· skjerpa nynorskbruken i staten – og gå inn for sanksjonar mot statsverksemder som bryt lova og forskriftene som pålegg organa å etablera rutinar for praktisering av lova
· modernisera mållova slik at ho blir tilpassa den ’a/s-ifiseringa’ som skjer i staten ved å endra verkeområdet frå ’statstenesta’ til ’all verksemd der staten er involvert’
· stilla måljamstellingskrav ved offentlege innkjøp av dataprogramvare og slik gjera nynorsk til IT-språk
· krevja at riksaviser som får pressestøtte/momsfritak ikkje kan operera med nynorskforbod

(Sendt til avisene som lesarbrev 30.08.01, underskrive Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no