Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Elevane og mållaget krev språkleg rettferd i skulen

 (28.08.2001)

Pressemelding. 28.08.01. - Regjeringa må stilla krav til programvarebransjen slik at nynorskelevar får nynorske dataprogram i skulen, krev Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag.

Onsdag 29. august kjem elevar frå heile nord-vestlandet for å demonstrere i Ålesund for språkleg rettferd og programvare på nynorsk.

- Bokmålselevane i vidaregåande skule må få betre undervisning i nynorsk. Dessutan må nynorskelevane få alle læremiddel på nynorsk, også dei elektroniske, slår Oddmund Hoel fast.

Noregs Mållag har ved fleire høve peika på at utdanninga av norsklærarar treng å styrkast med fleire vekttal. I dag syner det seg at elevar i vidaregåande skule ikkje får den utdanninga dei har krav på.
- Når det står dårleg til med norskfaget generelt, vert nynorsken syndebukk, påpeikar Oddmund Hoel.

Han meiner at Trond Giske må seia ja til den delen av søknaden frå Oslo kommune som søkjer å styrke sidemålsundervisninga. Mållagsleiaren utfordrar både Trond Giske og utdanningspolitikarane frå alle andre parti til å seia klårt nei til Høgre og Frp sine framlegg om å avskaffa sidemålsundervisninga.

Elevdemonstrasjonane på onsdag vert følgt opp med ei markering utanfor folkemøtet til NRK på Høgskolen i Ålesund onsdag kveld. Temaet for folkemøtet er skule og utdanning.

- Utan ei fullgod norskopplæring og tilgjenge til nynorske læremiddel, får ikkje elevane sjansen til å lære båe skriftmåla. Dette er eit viktig tema for nynorskfolket, slår Oddmund Hoel fast.

På nynorskmarkeringa utanfor folkemøtet vil det bli halde appellar av Astrid S. Dypvik, leiar i
Norsk Målungdom og Marie Lovise Widnes, leiar i Sunnmøre Mållag.

---
Dette er møtestadene onsdag 29. august:
kl. 13.30. Elevdemonstrasjon for språkleg rettferd ved paviljongen i gågata i Ålesund sentrum.
kl. 20.00. Markering utanfor Høgskolen i Ålesund der folkemøtet er.

For meir informasjon:
Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, 57 68 66 18 eller 970 21 194.
Astrid S. Dypvik, leiar i Norsk Målungdom, 22 42 63 00 eller 928 48 360
Ingar Arnøy, skulemålsskrivar i Noregs Mållag, 22 47 71 00 eller 916 44 095




Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no