Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nasjonal kunnskapsbase med nynorsk

 (21.08.2001)

21.08.01. Nynorsk står framfor eit gjennombrot som leksikonspråk. Då søknadsfristen gjekk ut i går, hadde Kulturdepartementet fått inn fire søknader i anbodstevlinga om ein nasjonal kunnskapsbase. Båe dei to sterkaste, Kunnskapsforlaget og ei utfordrargruppe med Cappelen i spissen, vil gje nynorsk plass som redaksjons- og brukarspråk slik departementet har kravd. Noregs Mållag rosar søkjarane for å ha lagt seg i selen for å gje nynorsken innpass, men har samstundes bede departementet leggja lista for språkleg jamstelling høgare.

Kulturdepartementet lyste ut anbodstevlinga om ein nasjonal kunnskapsbase i juni. Det var eit svar på at Kunnskapsforlaget bad staten gå inn og redda Store Norske Leksikon som har gått med store underskot i fleire år.

Tilbodet til Kunnskapsforlaget vil ha ein total kostnad for staten på 27,3 mill kr i kvart av dei to prosjektåra (2002-2003). Grunnstammen er Store Norske Leksikon og ein tekstbase på totalt 150.000 artiklar. Brukargrensesnitt, inngangs- og hjelpesider vil finnast både i bokmåls- og nynorskversjon. Alle oppslagsord vil finnast både på bokmål og nynorsk, og ein skal kunna søkja like godt i basen på båe språk. Målet er at 25% av teksten skal vera på nynorsk innan 2005 medan 8% skal vera på nynorsk innan utgangen av prosjektperioden (2003). Noregs Mållag har sagt seg viljug til å vera med i ei prosjektgruppe for nynorsk dersom KF får oppdraget.
- Les heile tilbodsteksten hjå <a href="http://www.kunnskapsforlaget.no">Kunnskapsforlaget</a>
- Sjå òg <a href="http://www.digi.no/dtno.nsf/pub/md20010820134417_tkw_64462806">Nettleksikon kan koste staten 27 millioner i året</a> (digi.no 20.08.01)

Cappelen har gått saman med Samlaget, NRK, Schibsted og Nasjonalbiblioteket i ei sterk utfordrargruppe. Deira tilbod har ein årleg kostnad på 21,9 mill kr. Grunnstammen er Caplex, og tekstbasen vil totalt ha 90.000 artiklar. Brukargrensesnitt og søkjemoglegheiter vil her òg vera valfritt nynorsk eller bokmål. Basen vil ha ein nøkkel (kjerne) som tilsvarar Caplex (65.000 oppslagsord/artiklar) der 20% skal omsetjast til nynorsk før oppstart (1.1.2002), 40% innan utgangen av prosjektperioden (2003) og resten i ein femårsperiode slik at alt stoff i ”kjernen” vil finnast både på bokmål og nynorsk. Ut over dette vil basen supplerast med utdjupingsstoff som anten vil vera på bokmål eller nynorsk.
- Les meir hjå <a href="http://www.samlaget.no">Samlaget</a> (m.a. eit vedlegg om ‘Nynorsk i Den nasjonale kunnskapsbasen‘)
- Sjå òg <a href="http://www.dn.no/artikkel?ID=EPS_39725">Gigantallianse vil lage nettleksikon</a> (Dagens Næringsliv 21.08.01)

Nynorsk kultursentrum har gjort avtale med båe søkjarane om å levera artiklar om nynorskbrukarar og andre nynorske emne.


Brevet frå Noregs Mållag til Kulturdepartementet:


Kulturdepartementet
Boks 8030 Dep.
0030 Oslo


Oslo, 16. august 2001


Nynorsk i den nasjonale kunnskapsbasen

Me viser til brev frå Noregs Mållag til Kulturdepartementet 9.1.2001 om ”Nynorsk i Store Norske Leksikon” og kravspesifikasjon (anbodsgrunnlag) for ”Nasjonal kunnskapsbase” 22.6.2001.

Noregs Mållag er glad for at Kulturdepartementet har stilt eit prinsipielt krav om språkleg jamstelling mellom bokmål og nynorsk i anbodsgrunnlaget. Departementet har på denne måten lagt grunnen for eit prosjekt som kan gje nynorskbrukarar, og særleg elevar, ei langt betre informasjonskjelde enn dei har hatt så langt. Prosjektet kan såleis bli ei naudsynt og kjærkomen opprusting av den nynorske skriftkulturen i møtet med det digitale informasjonssamfunnet.

Landsmøtet i Noregs Mållag vedtok 27.-27. juli i eit opprop til partia at eitt av fem prioriterte område for det nynorske skriftmålet dei komande fire åra må vera Norsk Ordbok og eit nynorsk leksikon. Om det siste seier landsmøtet: ”Arbeidet med eit stort nynorsk oppslagsverk må koma i gang, anten ved at nynorsk og bokmål språkleg og på innhaldssida vert jamstelte i ein stor nasjonal kunnskapsbase, eller ved at det blir sett av like store offentlege midlar til eit nynorsk verk som det vert sett av til bokmålsverket.”

Ut over eit krav om ”søkemulighet på begge målføre” (pkt. 2.1.5) er språkkrava lite konkretiserte i anbodsgrunnlaget, og departementet har i praksis spela problemstillinga over til søkjarane ved å be dei ”vise hvordan hensynet til begge målformer er tenkt ivaretatt” (pkt. 2.1.3). Sidan departementet no snart skal vurdera dei innkomne tilboda, vil me her gjera nærare greie for kva Noregs Mållag ser som ei akseptabel og føremålstenleg praktisering av den språklege jamstellinga.

1. Brukargrensesnitt
Inngang, hjelpesider og brukargrensesnitt (styretekstar, menyar, dialogboksar o.l.) må finnast i fullverdige versjonar både på bokmål og nynorsk. Språket må bli tildelt automatisk ut frå brukarprofil slik at ein unngår det vanlege problemet at nynorskbrukaren alltid må innom ei bokmålsside for å koma til sin versjon. Dette må vera på plass når basen blir lansert.

2. Søkjefunksjonar
Kravet om høve til å søkja på både på bokmål og nynorsk er svært viktig, men kan praktiserast på gode og dårlege måtar. Den generelle utfordringa vil vera å få til like gode søkjemoglegheiter på nynorsk som på bokmål sidan utgangspunktet for basen mest sannsynleg vil vera bokmål.

Det er heilt avgjerande at alle artikkeltitlar, førehandsdefinerte emnelister, register o.l. finst både nynorsk og bokmål. For fritekstsøk må det stillast til at søkjemotoren òg gjev treff på motsett målform. Parallellordlista må vera så omfattande at ho fangar opp alle aktuelle søkjeord.

3. Språkval i tekstbasen
Prinsipielt skulle Noregs Mållag ønskt at heile kunnskapsbasen fanst i parallellutgåver på bokmål og nynorsk og at ein nynorskbrukar såleis kunne finna all tekstinformasjon på sitt eige språk. Det hadde vore særleg ønskjeleg fordi ei viktig målgruppe er elevar.

Sidan det er snakk om såpass store tekstmengder, er det likevel akseptabelt at prinsippet om ei rimeleg fordeling mellom nynorsk og bokmål blir lagt til grunn. Tidlegare har me gjort det klart at ei 50-50-fordeling vil vera det naturlege ut ifrå at det er snakk om to jamstelte skriftmål, og ut ifrå praksisen som er følgd med språkkløyvde lærebøker i skulen (inga målform representert med mindre enn 40%).

Like avgjerande som eit klart prosentkrav er det likevel korleis delinga mellom nynorsk og bokmål vert praktisert. Me ser føre oss ein kombinasjon av dei to løysingane.

Dersom kunnskapsbasen blir organisert med ei ”beingrind” i kjernen med ein del kortare artiklar knytte til dei vanlegaste oppslagsorda, må departementet slå fast at artiklane som utgjer denne ”beingrinda” skal finnast parallelt på bokmål og nynorsk, og at dette basisleksikonet skal vera på minst 50.000 oppslagsord/artiklar.

For dei tekstane som ikkje blir definerte inn i eit slikt basisleksikon, kan ei fordeling mellom dei to måla bli lagt til grunn. Her vil me åtvara kraftig mot språkfordelingsprinsipp som går ut frå innhaldet slik at visse emne vert på nynorsk og andre på bokmål. Dersom førestellingar om kva nynorsk og bokmål ”høver til” skal liggja til grunn, vil nynorsken truleg endå ein gong bli klistra til eit førmoderne samfunn, bønder, bunad, folkedans, nasjonalromantikk og mellomalderhistorie, altså fenomen som ligg svært langt unna den gjennomsnittlege moderne nynorskbrukaren. Dei einaste tilfella der innhaldet bør vera styrande for språkvalet, er i omtalen av ein del norske personar, organisasjonar o.l. som har hatt band ut over det vanlege til eitt av språka.

Eit praktisk utgangspunkt er at nynorskbrukande fagfolk leverer stoff på sitt eige språk. For å hindra effekten ovanfor må det i tillegg leggjast nokre formelle prinsipp til grunn som sikrar at nynorsk blir brukt innanfor alle emneområde, og at informasjonen på nynorsk er like relevant som informasjonen på bokmål. Ein bør òg ta omsyn til det ein alt veit om bruksfrekvens av ulike oppslagsord i dei digitale oppslagsverka som alt er i bruk. Dette vil sikra at den fastsette fordelinga mellom bokmål og nynorsk kjem til uttrykk både i mykje brukte, middels brukte og lite brukte oppslagsord.

Den tospråklege utgåva av basisleksikonet må vera på plass frå det tidspunktet kunnskapsbasen vert lansert. Frå same tidspunkt bør 1/3 av nynorskstoffet vera på plass, noko som er særleg viktig dersom det ikkje ligg eit tospråkleg basisleksikon i botn. Noregs Mållag kan derimot godta at ein brukar ei viss tid innanfor prosjektperioden (td. 1 år) på å koma opp i den fastsette fordelinga mellom nynorsk og bokmål. Slik kan meir av ressursane setjast inn på å utvikla nytt stoff på nynorsk eller få inn nynorsk i samband med revisjon av tekstar framfor einsidig å omsetja eksisterande stoff frå bokmål.

I vurderinga bør det òg leggjast vekt på kva alternativ som totalt sett vil gje mest informasjon på nynorsk.

4. Innhald
Departementet seier i kravspesifikasjonen at ”Kunnskapsbasen skal gi informasjon om Norge, Norges forhold til andre land og til internasjonale organisasjoner. Den skal også presentere allmennkunnskap på norsk.”

Noregs Mållag vil peika på at dei store innhaldsprodusentane i hovudstaden har hatt ein tendens til å leggja eit ”Oslo 3-perspektiv” til grunn m.a. for oppslagsverk. Det var bakgrunnen for at nynorskfolk i si tid tok til med det enorme dugnadsarbeidet som resulterte i tibandsverket Norsk Allkunnebok (1948-64).

Me vil streka under at ein reell nasjonal kunnskapsbase òg må ha med det som ikkje nødvendigvis er relevant sett frå Oslo sentrum/vest, som td. omtaler av personar, organisasjonar og bedrifter som har spela ei viktig regional rolle. I vurderinga av tilboda bed difor Noregs Mållag departementet leggja vekt på at innhaldsproduksjonen er lagt opp på ein slik måte at ein er sikra ein nasjonal kunnskapsbase, ikkje berre ein hovudstadsbase. Det vil mellom anna seia at den nynorske skriftkulturen og den samiske kulturen må vera godt representerte.

5. Økonomi
Noregs Mållag har ikkje grunnlag for å meina kva den totale kostnadsramma for kunnskapsbasen kan eller bør vera. Men det bør setjast av ei særleg løyving til å dekkja det utviklingsarbeidet som må gjerast for å få til eit godt nynorsk leksikon, det vil seia omsetjing av eit basisleksikon eller ein viss del av basen, utvikling av parallellordlista bokmål-nynorsk og utvikling av ein tospråkleg søkjeteknologi. Kring 2 mill kr av den samla løyvinga bør øyremerkjast til ein slik ”startkostnad”.

Derimot må det leggjast til grunn at den ordinære løyvinga skal dekkja utviklinga innhaldet ut over dette, uavhengig av om det er på nynorsk eller bokmål.


Med venleg helsing
NOREGS MÅLLAG

Oddmund L. Hoel /s/
leiar

Ingar Arnøy
skulemålsskrivar

Kopi til:
Kunnskapsforlaget
Cappelen Forlag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no