Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Røyst nynorsk ved stortingsvalet!

 (07.08.2001)

Lesarinnlegg.07.08.01. Ved stortingsvalet 10. september oppmodar Noregs Mållag deg som veljar om å gje røysta di til det partiet som du meiner best tek vare på det nynorske skriftmålet, det norske språkmangfaldet og det språklege demokratiet.

Alle politiske parti slår fast at bokmål og nynorsk skal vera jamstelte nasjonalmål i Noreg, men den praktiske tolkinga av dette prinsippet har variert mykje mellom partia, også den siste stortingsperioden. Eg vil særleg gjera merksam på desse sakene frå dei tre siste åra:

- Høgre og Framstegspartiet gjorde i Stortinget 6.10.1999 framlegg om at: ”Stortinget ber Regjeringen gjøre den skriftlige sidemålsopplæringen i skolen valgfri.” Dei andre partia på Stortinget røysta imot, så framlegget vart ikkje vedteke.
- Høgre-byrådet i Oslo fekk i september 2000 med seg eit fleirtal i Bystyret i Oslo på å be staten om løyve til å gjennomføra eit treårig ”forsøk” i den vidaregåande skulen i Oslo med fritak for sidemålsopplæringa. Både Høgre, Framstegspartiet, Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti gjekk inn for ulike forsøk med å avskaffa sidemålsopplæringa medan dei andre partia i Bystyret forsvarte sidemålet (Venstre, Kristeleg Folkeparti og Raud Valallianse).
- På landsplan har Krf, Senterpartiet, Venstre og RV forsvart den obligatoriske sidemålsopplæringa. Sameleis har landsmøta i Ap og SV etter Oslo-vedtaket gjort programvedtak om at partia ønskjer obligatorisk sidemålsopplæring. Høgre og Frp går i programma sine for komande periode imot obligatorisk sidemål (Høgre berre i vgs.).
- I juni 2000 vedtok stortingsfleirtalet med Krf, Sp, Venstre, SV og Ap at ein skulle gå attende til ordninga med allmenn røysterett i krinsrøystingar om skulemålet slik Noregs Mållag ønskte. Høgre og Frp forsvarte ordninga der berre foreldra hadde røysterett.
- I juni 2000 bad stortingsfleirtalet med Krf, Sp, Venstre, SV og Ap om at regjeringa sytte for at vanlege dataprogram (kontorstøtteprogram) òg vart underlagde kravet om parallellutgåver i skulen. Høgre og Frp røysta imot.

Til dei 500.000 nynorskbrukande veljarane i alle parti vil eg seie: Røyst nynorsk på valdagen!

Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no