Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållaget vil ha valkamp om nynorsk

 (29.07.2001)

29.07.01. Noregs Mållag bur seg til ein aktiv valkamp for nynorsken. Landsmøtet vedtok i helga fem målkrav til stortingskandidatane og til partia.
- Dette er startskotet for den nynorske valkampen. No bør stortingskandidatane klargjere om dei vi ta eit krafttak for nynorsk programvare og styrkje norskopplæringa, krev Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag.

Landsmøtet i Noregs Mållag oppmodar stortingskandidatar og parti om å setja kreftene inn på å få gjennomført desse fem sakene i stortingsperioden 2001-2005:

1. Ta eit krafttak for nynorsk som IT-språk og nynorske læremiddel!
Nynorskbrukarar må sikrast like god tilgang på dataprogram som bokmålssbrukarar. Det må innførast innkjøpsreglar som sikrar at det offentlege berre kjøper inn dataprogram som ligg føre både i nynorsk- og bokmålsversjon. Opplæringslova må endrast slik at all vanleg programvare som vert brukt i skulen må liggja føre både i bokmåls- og nynorskversjon. Staten må sikra at nynorskelevar har like god tilgang på alle typar læremiddel som bokmålselevar.

2. Styrk norskopplæringa!
Norskopplæringa på alle nivå i skuleverket er for dårleg og må styrkast. Særleg må prinsippet om at alle elevar på ungdomssteget og i den vidaregåande skulen skal ha skriftleg opplæring både i bokmål og nynorsk, forsvarast. Norskfaget i lærarutdanninga må utvidast frå eit halvt år til eit heilt års utdanning. Det må setjast i gang eit pedagogisk utviklings- og etterutdanningsarbeid som styrkjer og moderniserer undervisninga i nynorsk på alle nivå i utdanninga, og som set lærarar betre i stand til å gje ei inspirerande og god undervisning i nynorsk.

3. Styrk måljamstellinga i staten!
Statsforvaltninga oppfyller framleis ikkje det lovfeste kravet om å bruka minst 25% nynorsk. Den offentlege målbruken må styrkjast gjennom at verkeområdet for lova blir utvida til å femna om all verksemd der staten er involvert, og ved at det vert knytt sanksjonar til brot på lova. Kvaliteten på den offentlege nynorskbruken må betrast gjennom opplysnings- og opplæringstiltak. Det må setjast som mål at alle statsorgan oppfyller mållova ved slutten av stortingsperioden.

4. Prioriter Norsk Ordbok og eit nynorsk leksikon!
Det må vera eit høgt prioritert nynorsk prosjekt det neste tiåret å gje Norsk Ordbok middel slik at det store nasjonale ordboksverket kan liggja føre til grunnlovsjubileet i 2014. Arbeidet med eit stort nynorsk oppslagsverk må koma i gang, anten ved at nynorsk og bokmål språkleg og på innhaldssida vert jamstelte i ein stor nasjonal kunnskapsbase, eller ved at det blir sett av like store offentlege midlar til eit nynorsk verk som det vert sett av til bokmålsverket.

5. Lag ei språkleg maktutgreiing!
Språkpolitikk har vore eit rikspolitisk ikkje-tema sidan Stortinget i 1970 slutta seg til hovuddraga i tilrådinga frå Vogt-komiteen (1964-66). Noreg vil framover møta store språklege utfordringane dei neste tiåra, og det vil krevja eit aktivt og offensivt arbeid for å ta vare på det norske språkmangfaldet og språklege demokratiet. Det må setjast ned eit utval eller ein kommisjon som skal gå gjennom heile den norske språksituasjonen med sikte på at det skal leggjast fram ei eiga stortingsmelding om språksituasjonen i 2003.

For meir informasjon: Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, 970 21 194
Hege Lothe, informasjonskonsulent, 926 48 348

Les meir om landsmøtet her:http://www.nm.no/arbeidsprogram.cfm/9077/33002

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no