Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Globaliseringa, språket og maten

 (28.07.2001)

28.07.01. - I globaliseringsdebatten er det viktig at målrørsla seier klårt frå om at det ikkje er flyktningar og innvandrarar som trugar norsk språk og kultur, men derimot den konstruerte kommersielle massekulturen, sa mellom anna Arne Vinje i landsmøtetala si til Noregs Mållag.
Leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag var invitert til landsmøte i Noregs Mållag for å halde hovudinnleiinga på møtet. Emnet for tala var norsk målreising i ein globalisert tidsalder.
- Me skal ikkje underslå at drivkrafta i engasjementet vårt mot den globale kommersielle einsrettinga, i stor grad er kjærleiken til dei verdiane som ligg i språket, i kulturen, i tilknytinga til landskapet og lokalsamfunnet. Men samstundes skal me vera klar over at slik kjenner folk det overalt, ikkje minst der globaliseringa tek mykje meir brutale former enn hjå oss. Ei slik sannkjenning er grunnlaget for ein global solidaritet med ei potensiell politisk kraft av store dimensjonar, framheva Arne Vinje til landsmøtet i Noregs Mållag.

Han påpeika òg at Arne Garborg var den fyrste æresmedlemen i Norsk Bonde- og Småbrukarlag og dei nære banda mellom målrørsla, bondeorganisasjonane og dei kulturelle rørslene som strir mot den kommersielle einsrettinga og demokrati.

Les <a href="http://www.nm.no/maalsaker_side.cfm/9062/35489">heile tala</a>.

For meir informasjon:
Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, 970 21 194
Hege Lothe, informasjonskonsulent i Noregs Mållag, 926 48 348

Meir informasjon på nettet
<a href="http://www.nm.no/arbeidsprogram.cfm/9077/33002">http://www.nm.no/arbeidsprogram.cfm/9077/33002</a> Om landsmøtet
<a href="http://www.nm.no/organisasjonen.cfm/9077/9097">http://www.nm.no/organisasjonen.cfm/9077/9097</a> Pressebilete

Bilete av Arne Vinje er tilgjengeleg på <a href="http://www.smabrukarlaget.no/org/til_sek/arne.jpg">http://www.smabrukarlaget.no/org/til_sek/arne.jpg</A>

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no