Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris for nynorsk dataarbeid

 (27.07.2001)

27.07.01. Rektor Bjarne Hugo Hansen ved Høle barne- og ungdomsskule fekk Målblome 2001 på landsmøtet til Noregs Mållag for arbeidet sitt med nynorske dataprogram.

Høle barne- og ungdomsskule i Sandnes har hatt ei heilt spesiell rolle i bruken av nynorsk programvare. Denne nynorskskulen i Rogaland har teke i bruk Linux-program både for å kutta kostnader og å skaffa nynorskelevane nynorske dataprogram.

– Eg oppdaga at elevane mine møtte berre bokmål og engelsk på datamaskinane sine, fortel rektor Bjarne Hugo Hansen. Dette forarga meg, og gjorde at eg såg meg om etter andre alternativ. Visjonen vår er å få nynorsk på alle dataskjermane i skulen, held han fram.

I dag er det svært få dataprogram som er tilgjengeleg på nynorsk, og Noregs Mållag og Norsk Målungdom har dei siste åra arbeidd for at dei mest vanlege kontorprogramma òg skal finnast i nynorskutgåve.

Det har vore vanskeleg å gå bokmålsmonopolisten Microsoft til å omsetje programma sine til nynorsk.

– Det er gledeleg at Microsoft endeleg byrjar få nynorske utfordrarar. Dei som brukar operativsystemet Linux har i dag eit komplett nynorsk alternativ til Microsoft sine bokmålsprogram, seier Oddmund Hoel som er leiar i Noregs Mållag.

No byrjar ein òg endeleg å få hol på den vanskelege oppgåva det har vore å få teke desse programma i bruk: Denne veka vart det kjent at ei dugnadsgruppe i Oslo vil senda ei pakke til skulane med Linux-program på nynorsk og bokmål.

Høle barne- og ungdomsskule har teke initiativet til eit større dataprosjekt saman tre andre skular i Rogaland. Dette prosjektet er eit nasjonalt pionerprosjekt innanfor nynorsk data i skuleverket.

– Det vil vera ei stor skam, og vitna om svært dårleg gangsyn, om ikkje Utdanningsdepartementet og Trond Giske støttar dette prosjektet både økonomisk og fagleg når dei får ein søknad frå Høle over sumaren, slår Oddmund Hoel fast.


For meir informasjon:
Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, 970 21 194
Hege Lothe, informasjonskonsulent i Noregs Mållag, 926 48 348

Les meir om <a href="http://www.nm.no/arbeidsprogram.cfm/9077/33002">landsmøtet til Noregs Mållag</a> og <a href="http://www.nm.no/organisasjonen.cfm/9077/9097">last ned bilete</a>.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no