Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk barnelitteraturpris til Bjørn Sortland

 (27.07.2001)

Pressemelding. 27.07.01. Sperrefrist: Fredag 27. juli kl. 13.00. Nynorsk barnelitteraturpris for 2000 er tildelt Bjørn Sortland for boka Den blå, blå himmelen. Sortland fekk prisen på Norges Mållag sitt landsmøte.

Grunngjevinga frå juryen ser slik ut:

Boka Den blå, blå himmelen inviterer lesaren til å ta inn over seg ord om bilete. Bileta er freskene i Scrovegnikapellet i Padova, måla av Giotto. Orda er forteljinga om ungguten Giovanni. Umoden og famlande leitar han seg fram mellom barndom og framtidig yrkesliv, mellom eigne draumar og krava frå heimen. Når han ved ein samantreff blir Giottos hjelpesvein, får han del i ei verd der draumar og arbeid møtest.

I forteljinga om Giovanni kjem fleire stemmer til orde: Kritikarane som vurderer bileta, kunstnarane som diskuterer arbeidet, landsbyfolket sine meiningar, bibelhistoria som gjev motiva liv, og framfor alt: Giovannis eigne tankar kring kunsten, kallet, orda, livet og Gud. Meistaren sjølv, Giotto, er ein mann av få ord, men når han skapar liv i daude kyrkjevegger, går han inn i historia som hjelpesvein for sjølve Skaparen. Bileta hans gjev eit glimt inn i himmelen, og orda i og rundt Giovanni er med på å gjere lengten dit indarleg og trua djupare.

På denne tankeferda blir lesaren med, dradd inn gjennom ein stillfaren, men poengtert tekst, gjennom ei truverdig tids- og personskildring og gjennom motiv som kommenterer kvarandre. Meister og svein, material og form, tru og oppleving; i Giovannis historie blir desse tema aktuelle også for lesaren. Fakta og forteljing finn kvarandre når orda om bileta gjer eit stykke kulturhistorie til kunst.

Sjølve freskene kjem til orde i fargereproduksjonar til kvart kapittel. Blar ein litt fram og tilbake i bileta, kan ein følge Giovannis blikk over veggar og tak i kapellet. Det er eit syn ein ikkje gløymer lett.

Juryen håpar at ved å gi den nynorske barnelitteraturprisen til denne boka vil fleire lesarar få del i dette skjønnlitterære kunstverket. Det har boka verkeleg fortent.

Juryen for Nynorsk barnelitteraturpris er Ingeborg Westerheim, Elisabeth Aaker og Eivind Karlsen.
---
Nynorsk barnelitteraturpris vert delt ut på landsmøtet til Norges Mållag på Jæren Hotell på Bryne
Fredag 27. juli kl. 13. 40. Bjørn Sortland vil vera tilstades under utdelinga.

For meir informasjon: Oddmund Hoel, leiar i Norges Mållag, 970 21 194
Hege Lothe, informasjonskonsulent, 926 48 348

Les meir om landsmøtet og finn bilete av prisvinnar på <a href="http://www.nm.no/arbeidsprogram.cfm/9077/33002">www.nm.no</a>.



Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no