Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk litteraturpris til Rune Belsvik

 (27.07.2001)

Pressemelding. 27.07.01. Sperrefrist: Fredag 27. juli kl. 13.00. Nynorsk litteraturpris for 2000 er tildelt Rune Belsvik for boka Ein naken gut. Belsvik fekk prisen på Norges Mållag sitt landsmøte.

Grunngjevinga frå juryen ser slik ut:

Nynorsk litteraturpris går i år til Rune Belsvik for boka Ein naken gut.

Rune Belsvik har markert seg som ein av dei mest nyskapande barne- og ungdomsbokforfattarane våre. Eit av særmerka hans er ei sjeldan medviten haldning til det poetiske språket. Eit anna særtrekk er at han skriv innanfor modernistisk tematikk og livskjensle. Boka Ein naken gut er den fjerde om den unge guten Arne Bu. Alle dei fine jentene (1988), Kjærleiken er eit filmtriks (1992) og På nippet (1995) fortel om den unge guten frå han er om lag 14 år til han i denne siste boka har vorte 18 år. Bøkene tematiserer guten sitt strev med å finne ut av seg sjølv og ”alle dei fine jentene”.

Ein naken gut stadfestar at Rune Belsvik med bøkene om Arne Bu erobrar nytt land for ungdomsromanen; både tematisk, språkleg og formelt. Med sterk intensitet framstiller den unge forteljaren i boka kjærleiken som eit villniss av motstridande kjensler, eit spel med livet og identiteten som innsats. Det er ingen enkle løysingar for den unge guten. Hans heltemot er ikkje handling, men ærleg sjølvransaking. Lesaren blir fanga inn gjennom det poetisk oppfinnsame språket som fungerer som ei balansert motvekt mot det vanskelege ungdomslivet som romanen tematiserer.

Som ei vâr og poetisk skildring av ungdomsliv sprenger denne boka også grensene for det som normalt blir forstått som ”ungdomsroman”, og det ville vera meiningslaust å vurdere den berre i forhold til ein slik avgrensa kategori. Det er med stor glede juryen gir Nynorsk litteraturprisen for 2000 til Rune Belsviks Ein naken gut.

Juryen for Nynorsk litteraturpris 2000 er Svein Erik Brodal, Gunnar Foss og Sylvie Penne.

---
Nynorsk litteraturpris vert delt ut på landsmøtet til Norges Mållag på Jæren Hotell på Bryne Fredag 27. juli kl. 13. 40. Rune Belsvik vil vera tilstades under utdelinga.

For meir informasjon: Oddmund Hoel, leiar i Norges Mållag, 970 21 194
Hege Lothe, informasjonskonsulent, 926 48 348

Les meir om landsmøtet og finn bilete av prisvinnar på <a href="http://www.nm.no/arbeidsprogram.cfm/9077/33002">www.nm.no</a>.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no