Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsken ut av Fokus - inn i Skandiabanken?

 (27.07.2001)

Pressemelding. 27.07.01. I juni vedtok Fokus Bank å fjerna nynorsken frå banken. Mange nynorskbrukarar er oppgjvne etter at Fokus Bank fjerna ”nynorskparagrafen” som går tilbake til 1926.

I leiartala til landsmøtet i Noregs Mållag fredag, slo Oddmund Hoel fast at det ser ut til at Skandiabanken står klar til å gje nynorskbrukarane i Fokus Bank eit reelt alternativ.

- Ein av dei mest suksessrike nye bankane, Skandiabanken, utviklar no ein språkuavhengig versjon av nettbanken sin slik at alle som nyttar dagens bruksspråk, svensk, dansk og bokmål, vil kunna bruka same nettbank. Skandiabanken har denne veka fortalt oss at det er svært aktuelt å utvikla fullverdige tilbod både på engelsk og nynorsk, seier Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag.

- Kan henda er Skandiabanken snart den beste banken for nynorskbrukarar, trur Oddmund Hoel. Uansett finst det ein stor underskog av lokale og regionale bankar som er langt betre på nynorskbruk enn Fokus vil vera etter omlegginga til hausten.

- Alle nynorske Fokus-kundar bør snarast mogleg flytta sparepengane og refinansiera lån dersom Fokus ikkje svært raskt innser at dei har gjort noko dumt, sjølv ut ifrå sine eigne snevre marknadsvurderingar, og gjer om vedtaket, påpeikar Oddmund Hoel.

For meir informasjon: Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, 970 21 194
Hege Lothe, informasjonskonsulent, 926 48 348
Ole Tom Pettersen, IT-sjef i Skandiabanken, 55 26 00 00
Karl Åge Tvedt, IT-nestsjef i Skandiabanken, 55 26 00 00

Heile leiartala ligg her <a href="http://www.nm.no/arbeidsprogram.cfm/9077/33410">www.nm.no</a>.



Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no