Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Landsmøte i Noregs Mållag

 (25.07.2001)

Pressemelding. 25.07.01. Noregs Mållag har landsmøte i heimtraktene til Arne Garborg på Bryne 27. til
29. juli 2001.

- Nordmenn må i Garborgs ånd få eit sterkare internasjonalt perspektiv på språk og språkstrid. Fleire vil då få augo opp for at språksituasjonen vår er normal og sidemålsordninga sjølvsagt, seier Oddmund
Hoel, leiar i Noregs Mållag. Det er landsmøtetalar Arne Vinje, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, som skal plassere norsk målreising inn i ein globalisert tidsalder.

- Det er ein aktiv og stabil organisasjon som møtest til landsmøte, slår Oddmund Hoel fast. Dei siste tre åra har medlemstalet auka med knapt 200 medlemar, og Noregs Mållag hadde ved siste årsskifte 11.001 medlemer. Landsmøtet skal vedta nytt arbeidsprogram for dei neste tre åra. Styret legg her opp til at arbeidet for nynorsk i skuleverk, barnehage og
informasjonsteknologi framleis skal stå sentralt medan språkbruken i media skal prioriterast høgare.

---
Invitasjon til pressefrukost

Noregs Mållag inviterer til pressefrukost torsdag 26. juli kl 9.00 på Jæren Hotell.

Det vert mellom anna gjennomgang av dei viktigaste sakene til Noregs Mållag framfor Stortingsvalet denne hausten. Leiar i Noregs Mållag, Oddmund Hoel vil vera på pressefrukosten.

Landsmøtet – time for time

Fredag 27. juli 01
kl. 13.00 Opning av landsmøtet
kl. 13.40 Utdeling av Nynorsk litteraturpris 2001 og Nynorsk barnelitteraturpris 2001
kl. 14.30 Leiartalen ved Oddmund Hoel
kl. 14.45 Utdeling av Målblome 2001
kl. 16.00 Årsmelding
kl. 18.30 Avduking av statuen ”Falling out”. Laga og gjeven av Arnie Garborg, barnebarn til Abel, bror til Arne Garborg.

Laurdag 28. juli 01
kl. 9.00 Landsmøtetala. Norsk målreising i ein globalisert tidsalder ved Arne Vinje
kl. 11.00 Arbeidsplan
kl. 16.00 Fråsegner

Søndag 29. juli 01
kl. 9.00 Vedtak av arbeidsprogram, lover og økonomi
kl. 13.30 Val

Valnemnda har innstilt sitjande leiar Oddmund Hoel (Luster) til ein ny periode og sitjande styremedlem Ingebjørg Mjør (Stavanger) som nestleiar for Oddny
Ueland som ikkje stiller til attval. Astrid Marie Nistad (Sogndal) er innstilt som ny styremedlem. Den røynde arbeidarpartipolitikaren går i haust ut av
Stortinget etter 12 år på Sogn og Fjordane-benken. Styremedlemene Steinulf Tungesvik (Oslo), Rutt Trøite Lorentzen (Trondheim) og Håvard Teigen (Lillehammer) held fram. Norsk Målungdom har oppnemnt Ragnhild Ås (Oslo). Sigrun Høgetveit Berg (Tromsø) er innstilt som fyrste og fast møtande varamedlem.

For meir informasjon:
Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, tlf. 970 21 194 eller 57 68 66 18
Hege Lothe, informasjonskonsulent, tlf. 926 48 348
Mette Løkeland-Stai, leiar i valnemnda, tlf. 99 55 02 70

Landsmøtesider på nettet: <a href="http://www.nm.no/arbeidsprogram.cfm/9077/33002">www.nm.no</a>. Her finn ein sakliste, alle sakspapir, årsmelding og framlegg til arbeidsprogram.

Vi gjer særleg merksam på vurderingane av den målpolitiske situasjonen og arbeidet i året som har gått i innleiinga til årsmeldinga, sjå
<a href="http://www.nm.no/arbeidsprogram.cfm/9077/33101">www.nm.no</a>.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no