Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Åse-Marie Nesse er gravlagd

 (21.07.2001)

20.07.01. I dag vart Åse-Marie Nesse gravlagd på Klepp på Jæren. Audun Heskestad, forlagssjef i Det Norske Samlaget har skrive nekrolog.

Åse-Marie Nesse

13. juli døydde Åse-Marie Nesse, ein av våre mest folkekjære diktarar gjennom mange år. Ho var fødd på Klepp på Jæren i 1934, og ho var alltid sterkt knytt til denne landsdelen og vende ofte tilbake dit.

For mindre enn ein månad sidan vart Åse-Marie Nesse slått til Riddar av St. Olavs Orden av første klasse ved ei høgtideleg samkome på Universitetet i Oslo, der ho har vore universitetslektor og førsteamanuensis i tysk i mange år. Her vart ho hylla for si livsgjerning innanfor dikting, humanistisk danning og kulturformidling.

Åse-Marie Nesse debuterte i 1970 med diktsamlinga Av hav er du komen og har seinare kome med eit tjuetals diktsamlingar, eit par barnebøker og bøker i andre sjangrar. I lyrikken sin kombinerte ho formsikkert poetiske språk, klassisk danning og stor kunnskap om vestleg mytologi, framande kulturar og religionar, framfor alt latinamerikanske. At ho var folkekjær, veit vi av dei mange breva og tilbakemeldingane frå lesarar som har fortalt at dei har funne trøyst og glede og styrke i dikta hennar.

Likevel er det som gjendiktar ho har nådd dei største trimumfane sine. Alt den første gjendiktinga hennar, Wolfgang Hildesheimers roman Tynset, gav henne Bastianprisen (1966). Da gjendiktinga av Johann Wolfgang von Goethe Faust I kom ut i 1993 vart ho heidra med den tyske æresordenen Bundesverdienstkreutz for sitt store arbeid med tysk litteratur i Noreg. I 1999, da ho kompletterte verket med å gi ut Faust II vart Åse-Marie Nesse utnemnd til heiderslagsmedlem i Det Norske Samlaget og same året fekk ho Doblougprisen. I fjor fekk ho Nynorsk litteraturpris for gjendiktinga av Faust og for Dikt i samling.

Åse-Marie Nesse arbeidde heilt til det siste med det som blir den siste boka hennar, ei samling artiklar om litteratur. Boka ho makta å få ferdig for få veker sidan kjem ut no i haust.

Åse-Marie Nesse nådde med sine mange bøker, foredrag og diktopplesingar fram til eit stort publikum, og med sitt vakre og varme vesen har ho skapt seg eit ettermæle som vil leve lenge.


Audun Heskestad
Forlagssjef i Det Norske Samlaget






Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no