Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Bondeungdomslaget i Oslo refsar Fokus Bank

 (13.07.2001)

13.07.01. Bondeungdomslaget i Oslo (BUL Oslo) er særs skuffa over
avgjerda i Den Danske Bank om at Fokus Bank skal slutte å nytte nynorsk.

- Saman med forretningane vi eig har vi ein årleg omsetnad på over 60 millionar kroner, og vi vil no vurdere å seie opp vårt tilhøve til Fokus Bank, seier Vidar Lund, leiar i BUL Oslo.

Fokus Bank er mellom anna tufta på Vestlandsbanken, som på 70-talet kjøpte opp nynorskbanken Oslo Nye Sparebank.

- BUL Oslo har alltid sett pris på Fokus Bank sitt arbeid for nynorsken, understrekar Lund. Mellom anna har kontoret på Egertorget alltid markert nynorsken på plakatar osb. i lokalet. No er det tydelegvis slutt, og vi er lei oss for at eit godt samarbeid gjennom til saman 70 år kan bli broti.

- BUL Oslo tykkjer det er ein føremon å ha innskot og lån i ein Oslo-bank, men blir det naudsynt er vi ikkje framande for å flytte finansane våre til bankar utanbys, avsluttar Vidar Lund, leiar i Bondeungdomslaget i Oslo.

Bondeungdomslaget i Oslo er det største mållaget og
ungdomslaget i Noreg, med 800 medlemer. I tillegg til
målarbeid driv laget på med idrett, folkedans, blandakor, teater og barneaktivitetar. Laget eig Rosenkrantz‘ g. 8 med forretningane Heimen Husflid, Best Western Hotell Bondeheimen og Kaffistova.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no