Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Globalisert målstrid

 (02.07.2001)

02.07.01. Pressemelding. Noregs Mållag held det 84. landsmøtet sitt i heimtraktene til Arne Garborg på Bryne 27. til 29. juli 2001. - Nordmenn må i Garborgs ånd få eit sterkare internasjonalt perspektiv på språk og språkstrid. Fleire vil då få augo opp for at språksituasjonen vår er normal og sidemålsordninga sjølvsagt, seier Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag. Det er landsmøtetalar Arne Vinje, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, som skal plassere norsk målreising inn i ein globalisert tidsalder.

- Det er ein aktiv og stabil organisasjon som møtest til landsmøte, slår Oddmund Hoel fast. Dei siste tre åra har medlemstalet auka med knapt 200 medlemer, og medlemstalet var 11.001 ved siste årsskifte. Landsmøtet skal vedta nytt arbeidsprogram for dei neste tre åra. Styret legg opp til at arbeidet for nynorsk i skuleverk, barnehage og informasjonsteknologi framleis skal stå sentralt medan språkbruken i media skal prioriterast høgare.

Valnemnda har innstilt sitjande leiar Oddmund Hoel (Luster) til ein ny periode og noverande styremedlem Ingebjørg Mjør (Stavanger) som nestleiar for Oddny Ueland som ikkje stiller til attval. Astrid Marie Nistad (Sogndal) er innstilt som ny styremedlem. Den røynde arbeidarpartipolitikaren går i haust ut av Stortinget etter 12 år på Sogn og Fjordane-benken. Styremedlemene Steinulf Tungesvik (Oslo), Rutt Trøite Lorentzen (Trondheim) og Håvard Teigen (Lillehammer) held fram. Norsk Målungdom har oppnemnt Ragnhild Ås (Oslo). Sigrun Høgetveit Berg (Tromsø) er innstilt som fyrste og fast møtande varamedlem.

For meir informasjon:
- Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, tlf. 57 68 66 18
- Kontaktpersonar for valnemnda: Bjørnar Østgård, tlf. 77 68 58 79 fram til 23. juli og leiar i valnemnda Mette Løkeland-Stai, tlf. 99 55 02 70 frå 23. juli.

Landsmøtesider på nettet:
<a href="http://www.nm.no/arbeidsprogram.cfm/9077/33002"> http://www.nm.no/arbeidsprogram.cfm/9077/33002</a>. Her finn ein sakliste, alle sakspapir, årsmelding og framlegg til arbeidsprogram.

Vi gjer særleg merksam på vurderingane av den målpolitiske situasjonen og arbeidet i året som har gått i innleiinga til årsmeldinga, sjå <a href="http://www.nm.no/arbeidsprogram.cfm/9077/33101">http://www.nm.no/arbeidsprogram.cfm/9077/33101</a>.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no