Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vellukka festspel

 (26.06.2001)

26.06.01. Dei Nynorske Festspela 21.-24. juni vart særs vellukka og drog 4000 gjester, oppsummerer Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding 25.05.01.

PRESSEMELDING 25. JUNI 2001
Frå Nynorsk kultursentrum

Festspelsuksess i fire dagar til ende

– Dei Nynorske Festspela 2001 blei ein einaste stor suksess. Svært mange av arrangementa var blant dei aller beste som nokon gong er blitt presenterte, vi hadde bort imot 4000 gjester og vi greier budsjettet. Publikum har vore eineståande og begeistra, og vi takkar kvar og ein av dei.

Slik oppsummerer ein svært nøgd direktør ved Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, festspela som blei avslutta med eit innhaldsrikt og stemningsfullt Aasen-stemne i uteamfiet søndag kveld.

Førebels rekneskapstal syner at Dei Nynorske Festspela når den budsjetterte omsetninga på 700 000 kr. Nær 4000 gjester vitja til saman 32 arrangement der nærmare 200 utøvarar var i sving. Det største publikummet hadde storlygarkvelden jonsokaftan. – Då opna 360 personar alle dei latterdører som finst, seier Grepstad. – Andre arrangement greip folk ved hjarterøtene, eller gav dei noko heilt nytt å tenkje på. Slike festspel, det vil alle ha!

– Vi er ute etter å gi Dei Nynorske Festspela eit særpreg som skil dei frå festivalar flest. Når ein del stjernenamn går att frå festival til festival, blir også festivalane for like kvarandre. For publikum trur vi det er viktig at Dei Nynorske Festspela held på den tette, nære stemninga og ikkje blir ein volumfestival der det berre gjeld å samle mest mogleg folk for å kunne dekkje skyhøge honorar og reisekostnader, meiner Grepstad.

– Vi har i år invitert publikum til festspel med ei spennvidd frå listepop til samtaleprogram av ypparste kvalitet og foredrag om Arne Garborg og Søren Kierkegaard. Publikum har fått høyre mange urframføringar av både musikalske og litterære verk, vi har presentert ei kunstutstilling utanom det vanlege, og vi meiner vi har den beste festivalkafeen i landet, med eigen festspelbrus og eigen festspelvin. Dei Nynorske Festspela er ein av svært få festivalar som maktar å kombinere både litteratur, musikk og biletkunst. Fleire hundre gjester har fått høyre ein festspeldiktar dei kjende lite til frå før, og møtt utøvarar dei berre kunne oppleve under festspela. Også i framtida vil vi prøve å by på dei beste forfattarane, den gode musikken og dei uventa bileta, seier Ottar Grepstad. Han legg til at planlegginga av neste års festspel-arrangement alt er i gang. M.a. er festspelkunstnaren på plass. Dei Nynorske Festspela 2002 blir skipa til 20.–23. juni.

I sommarsesongen satsar Nynorsk kultursentrum på å ta seg godt av alle gjester som kjem til Aasen-tunet. Ivar Aasen var fødd 5. august, og fødselsdagen blir feira med konsert med Lars Klevstrand. – Han har i fleire tiår vore ein framifrå ambassadør for nynorsk songkunst, og representerer ei ubroten linje frå visediktaren Hartvig Kiran på 60-talet. Vi merkar at det for mange utøvarar er noko heilt spesielt å opptre i Aasen-tunet. Det trur eg det kjem til å vere for Lars Klevstrand også, seier Grepstad.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no