Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Norsk Lærerlag seier ja til sidemål

 (14.06.2001)

14.06.01. Landsmøtet i Norsk Lærerlag 12.-13. juni vedtok samrøystes ei fråsegn som seier eit klårt ja til sidemål og nei til forsøk med valfritt sidemål. Fråsegna ryddar av vegen den tvilen som Oslo-avdelingane til lærarlaget og Lærerforbundet laga skapte om saka. Delegatane frå Oslo røysta òg for fråsegna.

Fråsegna lyder slik:

NORSKFAGET
Det har i lang tid vore stor merksemd om norskundervisninga i skulen. Trass i at det finst lite forsking om norskundervisninga genrelt og sidemålsundervisninga spesielt i høve til måla for norskfaget, har somme teke klårt standpunkt mot sidemålsundervisninga. Det har frå ulike hald kome
kritikk mot kvaliteten på sidemålsopplæringa. I Oslo ynskjer byrådet å fjerne obligatorisk sidemålsundervisning i den vidaregåande skulen, og har
søkt om forsøk med frivillig sidemålsundervisning ved eit titals skular.

Når landet har to offisielle skriftformer av norsk: bokmål og nynorsk, må norskundervisninga i vidaregåande skule også ta høgde for dette. Landsmøtet
i Norsk Lærarlag oppmodar styresmaktene om å leggje til rette for forsøk som styrkjer undervisninga i sidemål. Ved å fremje forsøk som omfattar kvalitet,
innhald og metode i sidmålsundervisninga, anten sidemålet er nynorsk eller bokmål, vil elevane betre kunne få den opplæringa dei har krav på.

****

Les òg:
- <a href="http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/oslo/d213785.htm">Oslolærere støtter fritak i nynorsk</a> (Aftenposten 02.06.01)
- <a href="http://www.nm.no/maalsaker_side.cfm/4219/32502">Sidemålssaka i Oslo</a> (samleside)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no