Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Noregs Mållag bed staten boikotta Office XP

 (31.05.2001)

Pressemelding. 31.05.01. - Dette er det grøvste åtaket på nynorsken frå Microsoft så langt. No må staten vakna og nekta å kjøpa Office XP før ein nynorsk grammatikkontroll er på plass, seier leiar i Noregs Mållag Oddmund Løkensgard Hoel. Microsoft lanserte 31. mai den nye Office-versjonen sin med grammatikkontroll berre for bokmål.

- Vi bed regjeringa handla raskt og gjera det klart for heile den offentlege sektoren, både statsforvaltning, fylke, kommunar og skular, at dei ikkje skal kjøpa inn Office XP før det er utvikla grammatikkontroll for nynorsk. No er det på tide at det offentlege byrjar å bruka den store forbrukarmakta si. Dette er prøvesteinen på om det ligg nokon vilje bak dei fagre politikarorda om språkleg jamstelling på IT-feltet, seier Hoel.

- Bokmålsbrukarane har no fått eit godt hjelpemiddel som dei som skriv nynorsk ikkje får tilgjenge til. Det gjeld både nynorskfolk og bokmålsfolk som skal skriva nynorsk, til dømes stil i sidemål, seier Hoel.
Noregs Mållag har heilt mist trua på at Microsoft sjølv vil gjera noko med saka.
- Kvar gong vi har teke opp mangelen på tilbod for ein halv million nynorskbrukarar og 25% av alle norske kommunar, har det vore som å stanga hovudet i veggen. Regjeringa kan ikkje lenger sitja roleg og sjå på at Microsoft arrogant misbrukar monopolet sitt på ein måte som har svært uheldige verknader for norsk språkpolitikk, seier Hoel.

Noregs Mållag bed òg regjeringa innføra generelle innkjøpskrav for offentleg sektor som sikrar at all vanleg programvare som vert kjøpt inn av det offentlege må liggja føre både på bokmål og nynorsk.

- Office-saka vert ikkje betre av at den språkteknologiske grunnteknologien alt er utvikla for nynorsk. Microsoft hadde sjansen, men valde å kjøpa inn berre bokmålsversjonen, seier Hoel.

Grammatikkontrollen er utvikla av det finske språkteknologfirmaet Lingsoft i samarbeid med Universitetet i Oslo. Ein grammatikkontroll er meir avansert enn ein stavekontroll og rettar feil som "og/å" og "den eplet".

For meir informasjon: Leiar i Noregs Mållag, Oddmund Hoel, 57 68 66 18 eller 970 21 194.

Lenkjer:
<a href="http://www.nm.no/maalsaker_side.cfm/4794/32564">Ikkje kjøp Microsoft Office XP!</a> (brev til fire departement 31.05.01)
<a href="http://www.nm.no/maalsaker_side.cfm/4794/32565">Bokmålsmonopolet Microsoft</a> (samleside)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no