Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Still krav til nynorsk teksting i TV2!

 (28.05.2001)

Pressemelding. 28.05.01. - Årleg kan norske sjåarar lesa om lag 1800 timar med bokmålstekst på TV 2 og nærast ingenting på nynorsk. Om dette held fram, er det svært alvorleg for nynorsken, seier Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag. Saman med elleve andre nynorskinstitusjonar har Noregs Mållag i brev til Kulturdepartementet bedd om at departementet må presisera konsesjonsvilkåra når ny TV 2-konsesjon vert tildelt.

- Vi vonar Kulturdepartementet vil retta opp mishøvet mellom nynorsk og bokmål ved å presisera i dei nye konsesjonsvilkåra at det både i tale og i sendingar som krev teksting skal vera ei rimeleg fordeling mellom dei to offisielle målformene, seier Ottar Grepstad, direktør ved Nynorsk kultursentrum i Ørsta.

Etter nokre år på 90-talet med noko bruk av nynorsk teksting, har utviklinga i TV 2 vore eintydig negativ. Det viser seg at mest all teksting på TV 2 i dag er på bokmål og at det ikkje har vore mogeleg å få endra på denne praksisen, mellom anna fordi nynorsk tekst ikkje er presisert i konsesjonsvilkåra som no gjeld.

- TV 2 har til no valt ein profil der den gode munnlege bruken av nynorsk med dialektpreg diverre ikkje blir følgt opp med nynorsk teksting, påpeikar Oddmund Hoel.

- Gjennom den offentlege konsesjonen har TV 2 fått ein eineståande stilling i det norske mediebiletet. Difor bør det presiserast at ”de offisielle norske målformene” gjeld både tale og teksting, seier Ottar Grepstad.


For meir informasjon:
Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, tlf. 57 68 66 18 eller 907 21 194
Ottar Grepstad, direktør ved Nynorsk kultursentrum, tlf. 70 04 75 70

Desse har underskrive:
Noregs Mållag, ved leiar Oddmund Hoel
Nynorsk kultursentrum, ved direktør Ottar Grepstad
Dag og Tid, ved redaktør Audun Skjervøy
Norsk Barneblad, ved redaktør Nana Rise
Mediemållaget, ved leiar Martin Toft
Kringkastingsringen, ved nestleiar Kjell Arve Straumsvåg
Norsk Målungdom, ved leiar Astrid S. Dypvik
Noregs Ungdomslag, ved leiar Johan Einar Bjerkem
Nynorsk pressekontor, ved redaktør Asgeir Olden
Bondeungdomslaget i Oslo, ved leiar Vidar Lund
Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), ved dagleg leiar Vidar Høviskeland





Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no