Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Regjeringa stoggar salet av regjeringa.no

 (24.05.2001)

24.05.01. Auksjonen av domenenamnet regjeringa.no til inntekt for kreftsjuke born vart stogga etter at Arbeids- og administrasjonsdepartementet onsdag ettermiddag truga med rettssak. Staten vart teke med buksa nede då Frank Rossland sikra seg domenet for å demonstrera den manglande viljen til å bruka nynorsk på nettet.

AAD skriv dette om kvifor dei grip inn:
"- Etter vår vurdering er "regjeringa" et fast innarbeidet begrep for den norske regjeringen. Departementet kan derfor ikke se at noen andre skulle ha en aktverdig interesse for domenenavnet regjeringen.no. Bruk av domenenavnet på en måte som kan villede folk til å tro at det er regjeringen som står bak informasjonen på siden, vil etter departementet sin mening være rettsstridig, og føre til at en må vurdere rettslige skritt for å stoppe siden."

Rossland tilbaud Kulturdepartementet å overta regjeringa.no for ein kopp kaffi. Då han ikkje fekk svar, byrja han å auksjonera ut domenenamnet til inntekt for kreftsjuke born, og to pornosider var mellom dei mest interesserte.

Les meir i <a href="http://www.ba.no/41/59/41/1.html">Bergensavisen 23.05.01</a>.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no