Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Porno på regjeringa.no?

 (23.05.2001)


Pressemelding. 23.05.01. - Det er ein språkpolitisk skandale dersom regjeringa.no blir kjøpt av pornoindustrien. No må det bli slutt på forsømminga av nynorsken på offentlege nettstader, seier leiar i Noregs Mållag Oddmund Hoel.

Staten har sikra seg bokmålsformene av ein del attraktive offentlege domenenamn på Internett medan nynorskformene er fritt vilt. IT-mannen Bjørn Rossland frå Nordhordland oppdaga dette og kjøpte i vinter regjeringa.no for 800 kr – regjeringa.no har derimot lenge vore sperra. Rossland tilbaud Kulturdepartementet å overta domenenamnet for ein kaffikopp, men har ikkje fått svar. No vert domenet auksjonert bort til inntekt for kreftsjuke born, og pornoindustrien har meldt stor interesse i bodrunden.

- Dette er eit flott initiativ av Rossland og ei pinleg historie for staten som burde ha fått kulturminister Ellen Horn og IT-minister Grete Knudsen til å handla raskt, men det gjorde dei ikkje. Eit minimum er at dei byd over pornobransjen og sikrar seg regjeringa.no, seier Oddmund Hoel. Han fryktar no at ei rad attraktive nynorske domenenamn kjem på tvilsame hender utan at staten reagerer.

- Hovudproblemet er at dette diverre er representativt for staten si haldning til nynorsk på nettet. Då den store offentlege internettportalen norge.no opna i januar 2000, vart det lova at han raskt skulle vera tilgjengeleg for nynorskbrukarar som noreg.no. Snart halvtanna år etter er det ikkje noko å sjå til nynorsknettstaden, seier Hoel, som vonar at saka med www.regjeringa.no er ein tankevekkjar for dei ansvarlege politikarane.

For meir informasjon:
- Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, 57 68 66 18 eller 970 21 194
- Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, 22 47 71 00 eller 957 85 560
- www.regjeringa.no

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no