Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Statlege sjukehus må følgja mållova

 (23.05.2001)

Pressemelding. 23.05.01. Noregs Mållag bed Stortinget presisera at sjukehusa skal følgja lov om målbruk i offentleg teneste dersom staten overtek eigarskapen. Mållaget vil på den måten rydda all tvil av vegen om kva språklege retningsliner dei nye statlege helseføretaka skal følgja og sikra at sjukehusa i nynorskfylka framleis brukar nynorsk.

- Det er ikkje tvil om at sjukehusa fell inn under mållova når staten overtek dei frå fylkeskommunane. Når me likevel bed Sosialkomiteen om å presisera dette i innstillinga, er det fordi andre statsføretak med eigarskapsmodellar som liknar helseføretaka, med jamne mellomrom hevdar at mållova ikkje gjeld for dei. Nynorskbrukarane har hatt store problem både med Posten og NSB, seier Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag.

- Ved omdanninga av desse forvaltningsbedriftene til særlovsselskap vart dette spørsmålet ikkje presisert godt nok, og resultatet er ein langvarig og fordyrande prosess som ikkje tener nokon, slår Oddmund Hoel fast.

Noregs Mållag har bede Sosialkomiteen ta inn ein merknad i innstillinga som strekar under at helseføretaka skal reknast som regionale statsorgan. Det vil seia at sjukehusa må retta seg etter den målforma som er vanleg i det området dei dekkjer. Komiteinnstillinga om sjukehusreforma kjem 29. mai.

For meir informasjon:
Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, 57 68 66 18 eller 970 21 194
Gro Morken Endresen, dagleg leiar hjå Noregs Mållag, 22 47 71 00 eller 95 78 55 60



Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no