Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Høgre held fast ved den populistiske sidemålsmotstanden

 (06.05.2001)

Pressemelding. 06.05.01. Landsmøtet i Høgre har med eit solid fleirtal gått imot obligatorisk skrifteleg sidemål.
- Noregs Mållag er svært skuffa over at Høgre står fast ved sin populistiske sidemålsmotstand, seier Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag.

Sidemålsmotstanden i Høgre står i motsetnad til resten av skuleprogrammet, der dei går i bresjen for det dei kallar kunnskapsskulen.
- Høgre burde teke konsekvensen av denne parolen og sagt ja til at ungdom i vidaregåande skule har krav på god opplæring og skriftleg kunnskap både i nynorsk og bokmål, slår Oddmund Hoel fast.

Sidemålsspørsmålet er ei vanskeleg sak for Høgre. Mange kulturmedvitne Høgre-folk likar svært dårleg at språkpopulistane og nynorskmotstandarane i ungdomspartiet har fått fleirtalet med seg.

Om lag ein halv million av veljarane er nynorskbrukarar, og fleire stader står Høgre-mandat i fare. Det var berre med eit naudskrik at Høgre kom inn på Stortinget i Sogn og Fjordane i 1997.
- Partiet vil få store problem med å berga dette mandatet no når partiet vert ståande på den sidemålsfiendtlege politikken sin, trur Hoel.

For meir informasjon: Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, tlf. 57 68 66 18, 970 21 194
Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, tlf. 95 78 55 60

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no