Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållaget utfordrar riksmåls-Høgre

 (04.05.2001)

Pressemelding. 04.05.01. Landsmøtet til Høgre er samla i Oslo denne helga og skal ta stilling til sidemålsspørsmålet. Det er venta at landsmøtet vil splitte seg i denne saka etter at programkomiteen har gått inn for å gjere den skriftlege sidemålsundervisninga valfri i den vidaregåande skulen.

- Høgre har den siste fireårsperioden gjennomført sitt eige forsøksprosjekt med å vera mot sidemål, og det bør no avblåsast. Standpunktet til Høgre kombinert med nynorskhetsande kampanjar frå Unge Høgre med slagord som "La dem raute nynorsk bare vi slipper" har gjort at mange konservative nynorskbrukarar ikkje lenger ser på Høgre som sitt parti, seier leiar i Noregs Mållag Oddmund Hoel.

Jan Petersen gjekk tøft ut i tala si ved opninga av landsmøtet og kravde at kunnskap skal stå sentralt i utdanninga frå barneskulen til høgre utdanning.
- Høgre bør ta konsekvensen av denne parolen og seie ja til at ungdom i vidaregåande skule fortener å få skriftleg kunnskap både i nynorsk og bokmål, slår mållagsleiar Oddmund Hoel fast.

Sidemålsspørsmålet er ei vanskeleg sak for Høgre. Mange kulturmedvitne Høgre-folk likar svært dårleg at språkpopulistane og nynorskmotstandarane i ungdomspartiet har fått fleirtalet med seg.

Om lag ein halv million av veljarane er nynorskbrukarar, og fleire stader står Høgre-mandat i fare. Det var berre med eit naudskrik at Høgre kom inn på Stortinget i Sogn og Fjordane i 1997.
- Partiet vil få store problem med å berga dette mandatet dersom partiet vert ståande på den sidemålsfiendtlege politikken, trur Hoel.

Saka skal opp til votering på sundag.

For meir informasjon: Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, tlf. 57 68 66 18
Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, tlf. 95 78 55 60


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no