Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målprisen 2001 til Hellbillies

 (20.04.2001)

Pressemelding. 20.04.01. Hellbillies får Målprisen 2001 frå Noregs Mållag for konsekvent bruk av hallingmålet i songane og nynorsk i skrift gjennom snart ti år.

- For ein hardt pressa dialekt som hallingmålet kan ein knapt
overvurdera kva det har å seia at ungdom ser det er mogleg å gjera
suksess på dialekt, seier Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag.

Gruppa frå Ål i Hallingdal gav ut den fyrste plata si, Sylvspente Boots, hausten 1992 og song seg raskt til topps både på Norsktoppen og salslistene. Og etter sju plateutgjevingar og konsertar landet rundt er
populariteten større enn nokon gong for gjengen som har vunne ry som eit av Noregs beste konsert-band. Attåt å vera fyrsteklasses musikarar som spelar fengjande musikk, ligg mykje av forklaringa på populariteten til Hellbillies i den måten dei har teke norsk bygdeliv på kornet gjennom figurar som Syver i Armodbråta, Gamle Bry‘n, reinsjegaren på Vidda og ein neger på Ål stasjon.

- Hellbillies burde ha fått ein målpris av oss for lenge sidan, men når det fyrst vart no, høver det særs godt at ein av dei store hit-ane på den nye plata Urban Twang nettopp er eit oppgjer med den hangen mange norske artistar har til meiningslause engelske tekstar, heiter det mellom anna i grunngjevinga frå styret i Noregs Mållag.

Låtskrivar og ankermann Arne Moslåtten i Hellbillies kjem sjølv for å ta imot Målprisen 2001.

Stad: Det Norske Teatret i Oslo
Tid: Laurdag 21. april kl. 10.00

For meir informasjon:
Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, 970 21 194 eller 22 47 71 00
Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, 95 78 55 60

Heimesidene til Hellbillies er <a href="http://www.hellbillies.com">www.hellbillies.com</a>.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no