Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållaget kritisk til rapport om open programvare

 (30.03.2001)

30.03.01. Pressemelding. - Det er uforståeleg at Statskonsult har sett bort frå at utviklinga av nynorskversjonar av dataprogram har kome lengst for programvare med open kjeldekode, seier Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag.

- Her ligg det store innsparingar når staten skal gjennomføra dei politiske målsetjingane om at nynorskbrukarar, skuleverket og offentleg forvaltning skal ha god tilgang på nynorsk programvare, legg Oddmund Hoel til, som reknar med at desse vurderingane blir tekne med i den politiske oppfølginga av rapporten.

Statskonsult la 29. mars fram rapporten "Åpen programvare i statlig forvaltning". Rapporten vurderer om programvare med open kjeldekode (open source software) kan vera billegare for staten, ei betre løysing for brukarane og gjera staten mindre avhengig av ein enkelt leverandør.

- Det er skuffande at rapporten ikkje ein gong nemner at det alt er utvikla open programvare som langt på veg tevlar med Windows og Office. Microsoft har sagt at dei må ha mange millionar for å utvikla dei nynorskversjonane som alt er utvikla for Linux av idealistar. Her kan ein bryta bokmålsmonopolet til Microsoft for ein billeg penge, seier Hoel.

Høle barne- og ungdomsskule i Sandnes har valt Linux på sine elevmaskinar, og dette vert i rapporten berre framstilt som eit kostnadssparande tiltak.
- Like viktig er det at nynorskskulen faktisk får nynorske dataprogram, noko dei ikkje kan få frå Microsoft, påpeikar Oddmund Hoel.

Norsk språkråd har i "Handlingsplan for norsk språk og IKT" kravt at staten må stilla krav til at det er nynorskversjonar tilgjengelege når programvare vert kjøpt inn av skular og offentleg forvaltning.
- Slike innkjøpsreglar er tvillaust det mest effektive verkemiddelet om ein ønskjer å stimulera utviklinga av nynorske dataprogram og oppfylla intensjonane om jamstelling mellom bokmål og nynorsk. No finst det alt nynorskversjonar av Linux-program, og det er uforståleleg om staten let dette høvet gå frå seg, seier Hoel.


For meir informasjon:
Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, 970 21 194 (mobil) eller 57 68 66 18.

Les meir om saka i <a href="http://web2.computerworld.no/cwi.nsf/Alle/D01804CCF1B404FEC1256A1E00813849">Computerworld</a>.

og i <a href="http://www.digitoday.no/dtno.nsf/pub/dd20010329105122_er_93636072">www.diditoday</a>.

Hjå <a href="http://www.statskonsult.no/publik/publikasjoner/2001-07/r2001-07.pdf">Statskonsult</a> kan du lese heile rapporten.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no