Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Måljamstellingskrav i innkjøpslova

 (23.03.2001)

23.03.01. Høyringsfråsegn. Føresegnene til ‘lov om offentlige anskaffelser‘ har vore ute på høyring, og Noregs Mållag skriv i høyringsmerknaden sin at det må takast inn klare måljamstellingskrav ved offentlege IT-kjøp i føresegnene. Både Norsk språkråd, Nynorsk kultursentrum, Det Norske Samlaget og Landssamanslutninga av nynorskkommunar har stilt det same kravet i sine høyringsmerknader. Lova skal tre i kraft 1. juli.

Høyringsnotat og framlegg til føresegner finn ein hjå <a href="http://odin.dep.no/nhd/norsk/aktuelt/hoeringssaker/paa_hoering/024081-080002/index-dok000-b-n-a.html">Nærings- og handelsdepartementet</a>.

Høyringsfråsegn:

"Til Nærings- og handelsdepartementet, 22.3.2001

Føresegner til lov om offentlige anskaffelser – høyringsmerknad om språklege krav til offentlege IT-kjøp

Vi viser til høyringsnotat og framlegg til føresegner til lov om offentlige anskaffelser, sendt frå NHD 22.12.2001.

Noregs Mållag har registrert at korkje framlegget til føresegner eller høyringsnotatet går inn på problemstillingar knytte til jamstelling mellom bokmål og nynorsk ved offentlege IT-innkjøp.

Noregs Mållag bed om at det blir presisert i føresegnene at programvare som blir kjøpt inn av det offentlege, skal liggja føre både i bokmåls- og nynorskversjon.

Bakgrunn

Eit av dei største problema for nynorskbrukarar i dag, både i offentleg sektor og elles, er at dei ikkje har tilgang på vanlege dataprogram på sitt eige språk. Det er ei aukande forståing for at det no trengst eit krafttak for å sikra det nynorske skriftmålet ei framtid som IT-språk.

Dette har både Noregs Mållag, andre organisasjonar og institusjonar i målrørsla, kommunar og offentlege etatar teke opp ved ei rad høve, seinast laurdag 10. mars då statsråd Grete Knudsen fekk overlevert eit ordføraropprop om nynorsk programvare frå Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Noregs Mållag. 110 ordførarar/fylkesordførarar og 463 rektorar hadde skrive under på oppropet som ei samla målrørsle står bak.

Det sentrale kravet i oppropet er at nynorskbrukarar så snart som råd må få tilgang på nynorskversjonar av vanleg programvare til same pris som bokmålsversjonen. Det viktigaste verkemiddelet oppropet peikar på, er at det må regelfestast i Forvaltningsnettsamarbeidet, innkjøpslova o.l. at programvare som skal kjøpast inn av offentleg forvaltning må liggja føre både i nynorsk- og bokmålsversjon.

Vi sette stor pris på den positive reaksjonen frå statsråden og reknar med at departementet brukar det høvet som føresegnene no gjev til å setja dei politiske målsetjingane ut i livet.

Alt i 1992-93 slo fleirtalet i Kyrkje- og utdanningskomiteen (Ap, SV, KrF og Sp) fast: ”Fleirtalet meiner at det bør leggjast inn som eit krav når statsorgan hentar inn tilbod på edb-sida, at programma har både ein nynorsk- og bokmålsversjon.” (Innst. S. nr. 17 (1992-93)).

Dette er følgt opp i fleire offentlege dokument seinare, seinast i ”Handlingsplan for norsk språk og IKT”, utarbeidd av Norsk språkråd på oppdrag frå Kulturdepartementet og NHD og overlevert til kulturministeren 9. februar. Eit sentralt tiltak er der å: ”Endre forskriftene for offentlige innkjøp/rammeavtaler slik at aktuell programvare må tilbys på begge målformer” (tiltak NP2).

Det er såleis brei semje om at ein aktiv bruk av den offentlege kundemakta vil vera det mest effektive verkemiddelet for å få utvikla nynorskversjonar av dataprogram. Dette er òg eit billeg verkemiddel i og med at det ikkje føreset offentlege tilskot til programvareprodusentane.

Dersom det er behov for det, er Noregs Mållag gjerne med på ei drøfting om korleis desse språkkrava kan presiserast i regelverket.

Med venleg helsing
NOREGS MÅLLAG

Oddmund Løkensgard Hoel
leiar

Gro Morken Endresen
dagleg leiar"

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no