Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Bruk offentleg innkjøpsmakt

 (16.03.2001)

16.03.01. Pressemelding. - Eit klart regelverk kombinert med ein vilje til å bruka offentleg innkjøpsmakt er det einaste som kan få i gang ei utvikling av nynorsk programvare av noko omfang, seier Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag.

Norsk språkråd overleverte nyleg sin "Handlingsplan for norsk språk og IKT" til Kulturdepartementet. I desse dager er Næringsdepartementet i gang med å utforme forskriftene til den nye "Innkjøpslova" for staten.

- No må departement utnytte dette høvet til å leggje inn kravet om at staten berre kjøper inn programvare som finnast både på nynorsk og bokmål, slår Oddmund Hoel fast.

Dette er eit krav politikarane er godt kjende med. Allereie i 1993 sa fleirtalet på Stortinget at "det bør leggjast inn som eit krav når statsorgan hentar inn tilbod på edb-sida, at programma har både ein nynorsk- og bokmålsversjon."

Leiar i Noregs Mållag har heile nynorsk-Noreg med seg i kravet om at no er det tid for handling.

Noregs Mållag, Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK) og dei andre organisasjoner i Nynorsk Forum overleverte nyleg eit opprop til næringsminister Grete Knutsen. 110 ordførere og om lag 500 rektorar støtta kravet om nynorsk programvare og endring i innkjøpslova.

For meir informasjon:
Oddmund Løkensgard Hoel, leiar i Noregs Mållag, Telefon 57 68 66 18 / 970 21 194




Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no