Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil ha klare måljamstellingskrav i innkjøpslova

 (14.03.2001)

14.03.01. Høyringsfråsegn. Styret i Noregs Mållag har vurdert "Handlingsplan for norsk språk og IKT", utarbeidd av Norsk språkråd og overlevert til Kulturdepartementet 9.2.2001. Noregs Mållag er godt nøgd med planen og trur han vil vera ein god reiskap for å føra ein meir aktiv statleg politikk for å styrkja det nynorske skriftmålet særskilt og norsk språk allment på IT-feltet.

Styret i Noregs Mållag har sendt desse merknadane til Kulturdepartementet:

Det er over eit tiår sidan Noregs Mållag byrja å bli uroa over dei språklege følgjene av IT-revolusjonen, og det siste året har me saman dei andre organisasjonane og institusjonane i målrørsla stått bak ein større aksjon for å gjera det store behovet for nynorsk programvare synleg.

Dei følgjande merknadene går dels inn på veike punkt i handlingsplanen, men har fyrst og fremst som føremål å peika på punkt som Noregs Mållag meiner er særleg viktige i departementet si oppfølging av handlingsplanen.

1. Klare måljamstellingskrav i regelverket for offentlege innkjøp
Noregs Mållag er glad for at planen set opp som eit sentralt tiltak (4): "Endre forskriftene for offentlige innkjøp/rammeavtaler slik at aktuell programvare må tilbys på begge målformer" (jf. tiltak NP2). Etter mange års arbeid for nynorsk programvare og mange tiårs arbeid for nynorsk på andre felt, til dømes læremiddel, er det vår røynsle at einast eit klart regelverk kombinert med ein vilje til å bruka offentleg innkjøpsmakt er det einaste som kan få i gang ei utvikling av nynorsk programvare av noko omfang. Det er likevel stussleg at Norsk språkråd ikkje har kome lenger på dette feltet enn stortingsfleirtalet hadde kome alt i 1992-93. Fleirtalet i Kyrkje- og utdanningskomiteen (Ap, SV, KrF og Sp) skreiv i Innst. S. nr. 17 (1992-93) i ein merknad som ikkje er nemnt i handlingsplanen:

"Fleirtalet meiner at det bør leggjast inn som eit krav når statsorgan hentar inn tilbod på edb-sida, at programma har både ein nynorsk- og bokmålsversjon."

Målrørsla har teke opp dette punktet med statsrådane i Kulturdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet ei rad gonger dei siste ti åra, og 110 ordførarar og fylkesordførarar, 463 rektorar og fleire tusen andre skreiv i 2000 under eit opprop for måljamstellingskrav i innkjøpsreglane. Dette oppropet vart overlevert til næringsminister Grete Knudsen i Bergen 11. mars. Noregs Mållag føreset no at dette punktet raskt vert følgt opp av Kulturdepartementet og at eit regelverk er på plass innan 1. august 2001.

Til oppfølginga vil me særleg peika på behovet for å gje måljamstellingsreglane eit ankerfeste i lov om offentlige anskaffelser eller tilsvarande. Å gjera reglane gjeldane i spesifikasjonane i Forvaltningsnett-samarbeidet er naudsynt, men ikkje tilstrekkjeleg fordi dette samarbeidet ikkje femner om alle offentlege programvareinnkjøp.

2. Andre verkemiddel for å fremja utviklinga av nynorsk programvare
I overordna tiltak 5, jf. NP3, gjer planen framlegg om å støtta utviklinga av språkversjoneringsverkty m.a. for å letta utviklinga av nynorskversjonar. Dette er eit godt framlegg som bør følgjast opp raskt.

Spesielle tilskotsordningar for å stimulera utviklinga av nynorskprogram ser Noregs Mållag ikkje behov for når det gjeld vanleg programvare, og me vil åtvara mot dei overdrivne kostnadsoverslaga som IT-næringa har ein tendens til å koma opp med når det er snakk om å utvikla parallellversjonar på bokmål og nynorsk. Me trur ein langt betre bruk av offentlege middel er å lysa ut anbodstevlingar på utvikling av vanlege programtypar og garantera for eit visst minstekjøp både av bokmåls- og nynorskversjonar frå dei produsentane som kjem med det beste tilbodet. Planen nemner ikkje dette konkret, men me reknar med at dette er ei naturleg konkretisering av ønsket om "samarbeidsprosjekt mellom bransjen og det offentlige" (s. 11).

3. Elektroniske læremiddel
Det er positivt at planen meiner det bør greiast ut om det trengst endringar av lover eller føresegner som gjeld læremiddel for å sikra jamstellinga mellom bokmål og nynorsk (EL1). Samstundes er det underleg at handlingsplanen ikkje nemner det som faktisk har skjedd for å stramma inn føresegnene slik at kontorstøtteprogram ikkje lenger skal falla utanfor parallellutgåvekravet i skulen. Det er ikkje nemnt at eit fleirtal i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen (A, KrF, Sp, SV, V) i juni 2000 bad KUF leggja fram ein tidsplan for arbeidet med å oppheva unntaket for "administrativ programvare" (Innst. O. nr. 89 (1999-2000)). På politisk nivå har det såleis hendt meir på dette feltet enn planen kan gje inntrykk av.

Når det gjeld elektroniske læremiddel, er det mest avgjerande etter vårt syn ikkje endringar opplæringslova eller føresegnene, men Læringssenteret si oppfølging av føresegnene, og særleg praktiseringa av og styrken til tilskotsordninga. Samstundes er det klart at avskaffinga av godkjenningsordninga for lærebøker og dei store teknologiske endringane på læremiddelfeltet gjer at heile parallellutgåveordninga er truga. Trass i eit klart regelverk er det ikkje etablert ein praksis for å gje ut parallellutgåver av elektroniske læremiddel, slik det er for tradisjonelle lærebøker. Noregs Mållag bed difor at den varsla gjennomgangen av regelverket for parallellutgåver i handlingsplanen vert konsentrert om desse problemstillingane.

4. Norsk språkbank
Noregs Mållag er positiv til etableringa av ein norsk språkbank og vil presisera at nynorsk og bokmål må vera fullt ut jamstelt i eit slikt nasjonalkorpus. Det vil både seia at tekst- og taledata for må ha same omfang, kvalitet og funksjonalitet for nynorsk som for bokmål, og at oppbygginga av databasane må skje parallelt for dei to måla. For å stimulera utviklinga av nynorsk språkteknologi bør det lagast rabattordning for brukarane slik at det løner seg å driva produktutvikling for båe språk framfor einsidig utvikling for bokmål.






Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no