Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Noregs Mållag stør norsk Attac

 (12.03.2001)

Pressemelding. 12.03.01. Noregs Mållag helsar Attac velkomen i Noreg og er glad for at det no vert skipa ei norsk avdeling av den internasjonale rørsla mot globalisering.

Ei alvorleg følgje av den økonomiske globaliseringa er trugsmålet mot små språk og kulturar over heile verda. Språkdauden er ein global kulturell katastrofe som vil setja livskåra for folk attende. Ved å arbeida for nynorsk og dialektar reknar Noregs Mållag og den norske målrørsla seg som ein del ei verdsfemnande rørsle som arbeider mot sentralisering og maktkonsentrasjon på det språklege og kulturelle feltet.

I plattforma til det internasjonale Attac heiter det mellom anna:
”Globaliseringa omgår og devaluerer dei vala folk verda over gjer, dei demokratiske institusjonane og dei suverene statane som skal forsvara allmenne interesser. (…)
I ein situasjon der denne omforminga av verda blir framstilt som ei naturlov, opplever borgarane og deira representantar at dei kjempar om makta til å rå over eiga framtid. Ei slik svekking og ei slik avmakt gir næring til framgangen for dei antidemokratiske partia. (…) Skal ein møta den dobbelte utfordringa som faren for sosialt samanbrot og politisk apati representerer, krevst det difor ei sosial og folkeleg mobilisering.”

Den norske målrørsla har lang tradisjon for å arbeida for demokratisering, folkeopplysing, sjølvråderett og folkeleg mobilisering til kamp mot sentraliserande krefter. Målrørsla har difor sin opplagte plass mellom dei norske folkerørslene som bør arbeida saman i norske Attac.

Styret i Noregs Mållag oppmodar sine medlemer om å melda seg inn i Attac og verta aktive der.

Me oppmodar skipingsmøtet for Attac Noreg om å slutta seg til den internasjonale plattforma, og å ta namnet ”Attac Noreg” jamsides ”Attac Norge”. Me føreset òg at Attac held fram den gode jamstellingspraksisen mellom bokmål og nynorsk.

For meir informasjon:
Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag
970 21 194

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no